Aktuelt frå kommunen

Budsjett 2014 - økonomiplan 2014-2017

Norske kroner og myntar - illustrasjonsfoto frå KS. - Klikk for stort bilete Rådmannen har lagt fram sitt arbeidsnotat med framlegg til økonomiplan for 2014-2017 og årsbudsjett for 2014 (PDF, 7 MB). No har formannskapet teke over stafettpinnen i budsjettprosessen. Dei skal 26.11. koma med si tilråding til kommunestyret, som fattar endeleg vedtak 17.12. 

Handlingsplan for Fusa kommune

Arbeidsnotatet frå rådmannen skal fylla fleire funksjonar og innheld difor tre hovuddelar:

  1. kommuneplanen sin handlingsdel (i tråd med plan- og bygningslova § 11-1)
  2. økonomiplan 2014-2017 (i tråd med kommunelova § 44)
  3. årsbudsjett 2014 (i tråd med kommunelova § 45)

Notatet byggjer på samfunnsdelen av kommuneplanen, vedteken økonomiplan 2013-2016 og statsbudsjettet for 2014. Arbeidet med det er forankra i politiske føringar - frå kommunestyret i K-sak 035/13, frå formannskapet sin budsjettkonferanse 16.-17.09.2013 og formannskapsmøte 22.10.2013.

Arbeidsnotatet frå rådmannen skal gje grunnlag for formannskapet sitt framlegg til vedtak både når det gjeld handlingsdel med økonomiplan 2014-2017 og årsbudsjett 2014.

Saldert 2014-budsjett

Fusa kommune skal i 2014 levera tenester til innbyggjarane for ca 274 mill kroner (bruttotal).

I 2013 kutta Fusa kommune driftsutgiftene med nærare 11 mill kroner. Rådmannen har no framskive ramma for 2013 til 2014, korrigert for auke i ressurskrevjande tenester på nokre einingar, og lagt til grunn investeringar slik det går fram av arbeidsnotatet.

Årsbudsjettet for 2014 er i rådmannen sitt framlegg saldert ved hjelp av disposisjonsfond driftsføremål og nokre konkrete framlegg til kutt i rammene:

  • avvikling av stillinga som folkehelsekoordinator
  • effektivisering i barnehagesektoren, m.a. unngå løpande opptak/ledige plassar/overbemanning i periodar
  • effektivisering innan undervisningssektoren
  • avgiftsauke innan teknisk sektor

Rådmannen har - på bakgrunn av politiske vedtak - ikkje føreslått verken strukturendringar eller auke i eigedomsskatten, men peikar på at dette er alternative måtar å saldera budsjettet på.

Økonomiplanen ikkje saldert

Kommunestyret har bestilt ein ekstern gjennomgang av drifta i Fusa kommune (K-sak 035/13), der det skal vurderast:

  • kva reduksjonar som kan gjennomførast utan at det betyr redusert kvalitet på tenestene
  • kva som er lurt å gjera/ikkje gjera for å nå målet om auke i folketalet
  • forslag til reduksjonar på minst 15 mill med konsekvensvurdering

Difor er resten av økonomiplanperioden ikkje saldert, i påvente av konklusjonar som må koma etter denne eksterne gjennomgangen av drifta.

Investeringar

Fusa kommune nyttar i dag alle frie inntekter til fortløpande drift og lånekostnader (avdrag/ renter). I framlegget til investeringsprogram for økonomiplanperioden 2014-2017 er det difor berre funne rom for tiltak som er heilt nødvendige for å ivareta effektiv drift, innfri lovkrav/pålegg og sluttføra kontraktfesta prosjekt/tiltak.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30