Aktuelt frå kommunen

Brukarundersøking i pleie og omsorg

Ung og gamal hand som held kvarandre (KS) - Klikk for stort bilete

Pleie- og omsorgstenestene i Fusa er i gang med ei brukarundersøking. Alle som mottek pleie- og omsorgstenester vert spurt. Undersøkinga måler kvalitet i tenestene. Ved å svara kan brukarar og pårørande vera med på å utvikla tenestene i Fusa. Det er derfor svært viktig at flest mogleg svarer. Svarfristen er sett til 18.12.

Svara vil verta målt opp mot same undersøking i andre kommunar i landet gjennom bedrekommune.no

Korleis svara?
Det er mogleg å svara digitalt gjennom bedrekommune.no. Det er også sendt ut frankerte svarkonvoluttar. 
 
Pårørande til heimebuande må gjerne involvera seg!
Vi oppmodar pårørande til heimebuande om å høyra om dei har motteke brukarundersøkinga, og eventuelt hjelpa til med å fylla inn svarskjemaet.
 
Personalet i pleie- og omsorgstenestene skal ikkje hjelpa til med utfylling, fordi det kan påverka resultatet av undersøkinga. 
 
Kven har fått spørjeundersøkinga?
I tenester til funksjonshemma har dei pårørande fått spørjeskjema. På Fusa bu- og behandlingssenter vert delvis bebuarane spurde, delvis dei pårørande.
 
Alle heimebuande som mottek pleie- og omsorgstenester har fått spørjeundersøkinga. Nokre av dei kan ha trong for påminning frå pårørande om å svara eller hjelp til å fylla ut skjemaet. 
 
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 04.12.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30