Aktuelt frå kommunen

Bruk gjenvinningsstasjonen i Eikelandsosen!

Dronefoto av BIR sin gjenvinningsstasjon i Eikelandsosen - Klikk for stort bileteDronefoto av BIR sin gjenvinningsstasjon i Eikelandsosen BIR

I sommar opna BIR ny gjenvinningsstasjon på Heiane i Eikelandsosen. Her kan du både kvitta deg med ulike typar avfall og få med deg ting du kan ha nytte av frå brukthallen.

Opningstid

Gjenvinningsstasjonen til Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap (BIR) på Heiane er open: 

  • måndag og torsdag klokka 12.00-19.00
  • laurdag klokka 09.00-16.00.

Telefon: 55 52 71 60.

Kva kan leverast til gjenvinningsstasjonen?

Privathushald kan levera sortert grovavfall som trevirke, jernskrap, hageavfall, elektronikk og farleg avfall. Stasjonane har òg returpunkt for glas og metall, plast og papir.  

Sjå fullstendig liste over kva du kan levera - og kva du ikkje kan levera - på BIR si heimeside

NB! Du kan ikkje levera vanleg restavfall med matrestar til gjenvinningsstasjonen.

Ta kontakt med BIR sitt kundesenter på telefon 815 33 030 dersom du er usikker på sortering og levering av avfall eller har andre spørsmål.

Kva kostar det?

Sjå prisliste på BIR sine heimesider.

Farleg avfall og EE-avfall er gratis å levera for hushaldskundar.

Kjeldesortert hushaldsavfall kan leverast gratis til returpunkt på gjenvinningsstasjonen. Dette gjeld plastemballasje, papp/papir/drikkekartong, glas- og metallemballasje. Hugs at avfall til returpunkta må vera reint og tørt. Tilbodet gjeld berre for privatkundar. Les meir om vilkåra for levering.

Brukthall

På gjenvinningsstasjonen i Fusa har BIR òg brukthall. Der kan du setja frå deg uskadde saker og ting som andre kan få nytte av, men som du sjølv ikkje vil bruka lenger.

Prinsippet er at ein skal bruka ting om igjen. BIR hjelper til slik at uskadde saker og ting kan skifta eigar. Det er god resirkulering.

  • Når du skal levera til brukthallen, må du betala vanleg pris for levering av avfall på gjenvinningsstasjonen.
  • Dersom du kjem berre for å ta ein titt i brukthallen, kjem du inn gratis.
  • Finn du noko i brukthallen som du kan bruka sjølv, kan du ta det med deg heim gratis.

Kjeldesorteringsguide på fleire språk:

Fotograf: BIR BIR bosspann.jpg Fotograf: BIR F.v. kunderettleiar Jan Harald Størksen, stasjonsleiar Fredrik Egenæs og kunderetteleiar Kirsten Birkeland. | Fotograf: BIR Fotograf: BIR Elevar frå kunst, design og arkitektur ved Fusa vidaregåande skule overrekte ein dekorasjon til den nye brukthallen | Fotograf: BIR Veteranbilar køyrde først inn på stasjonen på opningsdagen. | Fotograf: BIR Fotograf: BIR Juniorlaget er klart til innsats i konkurranse med vaksenlaget. | Fotograf: BIR Vaksenlaget var sett saman av adm.direktør i BIR AS Steinar Nævdal (t.v.), fungerande dagleg leiar i BIR Privat AS Bente Gansum Daazenko og ordførar Atle Kvåle. | Fotograf: BIR Fotograf: BIR Snorhaldarar var fungerande dagleg leiar i BIR Privat AS Bente Gansum Daazenko (t.v.) og adm.direktør i BIR AS Steinar Nævdal. | Fotograf: BIR Dronefoto. | Fotograf: BIR På opningsdagen var det gratis levering på gjenbruksstasjonen og mange fusingar nytta høvet til å kvitta seg med avfall av ymse slag. | Fotograf: BIR Fotograf: BIR
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30