Aktuelt frå kommunen

Bråtebrenning og bålbrenning - kva er lov?

Bål - Klikk for stort bilete

Mange er i gang med vårarbeid, og i det høvet vil brannsjef Gunnar Hatlelid i Fusa kommune minna om reglane for bråtebrenning. Det er berre lov å brenna kvist, lauv, gras og anna naturleg hageavfall. 15. april til 15. september er det forbod mot å gjera opp eld i skog og mark utan løyve frå brannsjefen, men no med visse unntak.

Bruk hovudet!

Nytt av året (2016) i forskrift om brannførebygging er at det har blitt tillatt å gjera opp eld der det openberrt ikkje kan medføra brann, t.d. på ei våt strand, på snødekte bakkar eller i tider med mykje nedbør. Brannsjefen understrekar at du sjølv har ansvar for å syta for at det ikkje vert brann. Sjå forskrifta § 3.

Hageavfall

Det er lov å brenna hageavfall, men berre små mengder tørt hageavfall, som kvistar, gras og gammalt lauv og planterestar. Det er ikkje tillete å brenna søppel i nokon form, heller ikke bygningsrestar, materialar eller trevirke som er behandla med måling, lakk, impregnering eller liknande.

Ta omsyn til naboar og miljø. Røyken fra eit bål med hageavfall er ikkje ufarleg, særleg dersom bålet er vått. Slik røyk blir ofte liggjande lågt over bakken og blir lite uttynna. Røyk verkar irriterande på slimhinner i auge og luftvegar, og representerer eit helse- og trivselsmessig problem for dei som vert eksponerte. Røyken er særleg til plage for dei som har astma og andre luftvegsproblem. Brannvesenet si tilråding er difor å la vera å brenna hageavfall, og heller laga kompost. 

Ved brenning av hageavfall går verdifullt materiale tapt. Planteavfall kan heller bli til kompost og koma til nytte som gjødsel og god jord. Ein enkel hagekompost er lett å laga. Legg alt avfallet i ein haug, og lag evt. ein karm rundt, for å halda komposthaugen på plass.

15. april-15. september

Frå 15. april til 15. september er faren for å forårsaka gras- og skogbrannar normalt større enn elles i året. Derfor er det i denne perioden ikkje lov å gjera opp bål ute i naturen, utan løyve frå brannvesenet.

Du kan framleis grilla eller brenna hageavfall i din eigen hage eller grilla på eigna stader i t.d. parkområde eller i strandkanten. 

Dersom det er lange tørkeperiodar eller ekstreme vindforhold som gjer at faren for gras- og skogbrann aukar, kan brannvesenet leggja ned eit generelt forbod mot all bruk av eld utandørs.

I perioden 16. september til 14. april er faren for å forårsaka gras- og skogbrannar normalt ikkje så stor. Då er det igjen lov å gjera opp små bål ute i naturen, utan løyve frå brannvesenet.

Eingongsgrill

Ver svært varsam med bruk av eingongsgrill. Desse er ofte årsak til gras- og skogbrannar. Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Eingongsgrillar skal sløkkjast heilt med vatn og leggjast i eigen metallbehaldar etter bruk.

Bålpanne

Bålpanner blir stadig meir populære. Ved bruk av bålpanner gjeld dei same reglane som ved brenning av hageavfall, der ein berre skal brenna tørr og rein ved, eller bruka grillkol.

Kva skal du passa på når du brenn bål?

Ved all brenning må ein visa aktsemd. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. Her er nokre retningslinjer:

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.
  • Hald bålet under oppsyn og kontroll.
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet og at dei ikkje har klede som lett tek fyr.
  • Sløkk alltid bålet forsvarleg med rikelege mengder vatn. Finst det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • Husk at all bålbrenning skjer på eige ansvar.

Flatebrenning

Flatebrenning eller brenning av hogstavfall, og gras- og lyngsviing må meldast til brannvesenet. Det skal vera ein ansvarleg leiar for brenninga, det må utarbeidast planar og sytast for at brenninga vert gjennomført på ein forsvarleg måte. Denne typen brenning er tillate også i tidsrommet frå 15. april til 15. september.  

Meir informasjon

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30