Aktuelt frå kommunen

Borgarleg vigsel i Fusa

Foto frå Lokalhistorisk Arkiv i Fusa: Brurepar på 1920-talet. (LAF) - Klikk for stort bileteFoto frå Lokalhistorisk Arkiv i Fusa: Brurepar på 1920-talet. (LAF)

Har de planar om å gifta dykk? Dersom de ønskjer borgarleg vigsel, kan Fusa kommune utføra vigsla. 

Kven kan ektevia?

Kommunane har frå 1. januar 2018 fått ansvar for å utføra borgarleg vigsel. Fusa kommunestyre har gitt desse personane ansvar for å utføra vigsel i Fusa:

  • Ordførar Atle Kvåle
  • Varaordførar Magne Djupvik
  • Rådmann Nils-Petter Borge
  • Einingsleiar Anne Skagseth

Når?

Fusa kommune tilbyr vigsel torsdagar og fredagar mellom klokka 12 og 15.

Dersom de ønskjer vigsel til andre tidspunkt, må de sjølve avtala dette med vigslar. 

Kva må gjerast på førehand?

Skatteetaten, som òg har ansvar for Folkeregisteret, må sjekka om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De finn dei nødvendige skjema på Skatteetaten sine nettsider. Ver ute i god tid - sakshandsamingstida er to-tre veker.

Kontakt Fusa kommune for å bestilla vigsel, når de har fått attesten frå Skatteetaten. Kommunale kontaktpersonar er Heidi Chatrine H. Bergesen og Magda Haugen.

Send ein e-post til post@fusa.kommune.no der de oppgir:

  • Fullt namn, fødselsdato og adresse til brureparet
  • Kva for ein dato de ønskjer å gifta dykk
  • Kven de ønskjer skal ektevia dykk  
  • Om de ønskjer å halda seremonien på Kommunetunet i Eikelandsosen eller i eige lokale

Hugs at de må ha to vitne, som må vera til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.

Meir informasjon

De finn meir informasjon om borgarleg vigsel på Fusa kommune si temaside om dette.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.03.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30