Aktuelt frå kommunen

Bokslepp for Gasta greie

Gasta greie - framside - Klikk for stort bilete Boka Gasta greie - Ord og uttrykk frå Fusa er no komen i handelen og onsdag 16. november kl 19.00 er det bokslepp på biblioteket i Kommunetunet, Eikelandsosen. På sleppefesten får du vera med å feira denne eineståande utgjevinga. Det blir kulturinnslag og eit møte med fleire av bidragsytarane.

Boka er fullstappa med over 2900 lokale ord og uttrykk, friskt illustrert og formgjeven av biletkunstnar Anja Tveiterås. Boka byr på eit innblikk i ein frodig ord- og kulturarv som fusingane deler med bygdene ved Bjørnafjorden og vidare ut. Opplaget er på 1200 bøker og 1000 av desse er lagt ut for sal.

Lars Holdhus

”Gasta greie” byggjer på eit manus frå tidlegare lærar og kulturpersonlegdom Lars Holdhus (1917-2000). Boka inneheld også eit portrett av Holdhus, skrive av etnolog Ella Marie Brekke Vangsnes. Språkprofessor Gunnstein Akselberg bidreg med ein epilog til ettertanke. Utgjevinga er eit samarbeid mellom Fusa kommune og Universitetet i Bergen og boka kjem ut på John Grieg Forlag.

Språk i endring

Språket vårt er i stadig endring. På mange måtar er boka blitt ei feiring av språket slik det var i tidlegare tider, men kanskje samlinga kan vera ein inspirasjon til å ta opp att ord og vendingar som er i ferd med å gå i gløymeboka? Her det rikeleg å ta av! 

Perfekt gåve

Boka er ei perfekt gåve til både unge, gamle, utflytta, nyinnflytta og innbarka fusingar, men vil også vera eit funn for alle språkinteresserte frå fjern og nær. I år vert det truleg mange kortreiste julegåver i Fusa!

Boka er lekkert illustrert med både snert og humor. Denne boka set ein ny norsk standard for ordbøker og den klassiske ordlista! 

Bokhandel og nærbutikk

Boka vert å få kjøpt hjå bokhandlarane i heile landet og lokalt i Fusa gjennom nærbutikkane. Du kan også kjøpa boka i Kommunetunet og boka vil sjølvsagt vera i sal på sleppefesten. 

Boksleppet er altså i biblioteket i Eikelandsosen onsdag 16. november kl 19.00 og er ope for alle interesserte. Det er gratis inngang.

Sjå flygeblad. (PDF, 2 MB)

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 10.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30