Aktuelt frå kommunen

Bokopplevingar i sommarferien

Utlånsautomat på Fusa folkebibliotek: Ein dataskjerm med ein skanner under skjermen. Bibliotekar Margrethe Ø. Ask viser korleis innlevering fungerer ved å halda ei bok ned mot skanneren. Foto. - Klikk for stort bilete EMBV

Vestlandssommaren så langt innbyr til innekos med ei god bok. Fusa folkebibliotek har ope i heile sommar. Ved hjelp av den nye utlånsautomaten kan du òg låna bøker utanom vanleg opningstid. 

Sommarope

Frå 20. juni til 15. august har Fusa folkebibliotek i Kommunetunet i Eikelandsosen ope tysdag, onsdag og torsdag kl 10.00-14.30. Då møter du bibliotekar bak disken og kan få boktips og hjelp til å finna fram. Biblioteket har eit stort utval av både bøker, tidsskrift, aviser, lydbøker, filmar (DVD) og musikk.

Utlånsautomat

Det er òg mogleg å besøkja Fusa folkebibliotek utanom vanleg biblioteksopningstid, men i Kommunetunet si opningstid i sommar - det vil seia måndag-fredag kl 09.00-14.30. Vil du låna noko då, nyttar du utlånsautomaten, som vart installert for ei tid tilbake. Alt du treng er gyldig lånekort.

Bibliotekar Margrethe Øhlander Ask oppmodar gamle og nye lånarar til å ta seg ein tur innom biblioteket i sommar og ordna med lånekort. Ho kan òg gje rettleiing i bruk av utlånsautomaten.

Fusa folkebibliotek ønskjer alle ein fin sommar med gode leseopplevingar! 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30