Aktuelt frå kommunen

Bokbåten til Fusa

Bokbåten Epos - Klikk for stort bilete

Bokbåten Epos er ute på sin hausttur i desse dagar. Onsdag 4. november er han på Vinnes kai, medan Baldersheim og Strandvik får besøk dagen etter. I tillegg til vanleg utlån vert det kulturprogram med Siv Wyller og framsyninga "Hockeysveis fører til dårlige rim".

Bokbåten byrjar haustturen onsdag 4. november i Strøno på Os. Båten kjem til Vinnes kl 13.15 og ligg til kl 14.45. 

Torsdag 5. november er Strandvik første stogg kl 9.00-10.30, medan Baldersheim har open bokbåt frå kl 11.00-12.30.

Kulturprogrammet er i starten på bokbåttida på kvar stad. Framsyninga er "Hockeysveis fører til dårlige rim".

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 02.11.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30