Aktuelt frå kommunen

Bokbåten kjem!

Bokbåten Epos - Klikk for stort bilete

Bokbåten kjem til Fusa måndag 7. mars med stopp på Baldersheim, Strandvik og Vinnes. I tillegg til vanleg utlån ombord er det med eit kulturprogram for barn med forfattar Roald Kaldestad og musikar Roy Ole Førland.

Dei to kunstnarane vil formidla den vakre og poetiske barneboka "269 dagar", skriven av Roald Kaldestad og vakkert illustrert av Bjørn Rune Lid. Boka vert formidla som ei "live" lydbok, med illustrasjonane på storskjerm, opplesing, musikk og lydkulissar.

Discodansemusa og Heavykatten

Roald Kaldestad kjem frå Stord og har skrive fleire barnebøker. Han har mellom anna hatt stor suksess med bøkene om "Discodansemusa, Heavykatten og Pinnsvinet Phillip". To av desse historiane er også blitt høyrespel i "Barnetimen for dei minste" på NRK.

Ope tilbod

Bokbåten er på kommunekaien på Baldersheim kl 9.00-10.30, Nyekaien i Strandvik kl 11.00-12.30 og på Vinnes kai kl 13.00-14.30. 

Bokbåten er open for alle interesserte. Dei som vil få med seg kulturprogrammet, må vera der frå starten.

269 dagar - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30