Den 80 fot lange båten Epos vart bygd i 1963 og har dei siste åra vore eigd av Fusa-selskapet Vinnes skyssbåtservice A/S.
I 50 år har bokbåten vore ein viktig kulturinstitusjon på Vestlandsfjordane. Dette bibliotektilbodet vert drive i eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Du kan lesa meir om jubileet og bokbåten på nettsidene til Hordaland fylkeskommune. Bokbåten har også fått sin eigen nettstad: www.bokbaten.no og du kan følgja bokbåten på Facebook.
Måndag 25. november gjestar bokbåten Fusa på desse tidene:
På Vinnes kl 9.00-10.30
I Strandvik kl 11.00-12.30
På Baldersheim kl 13.00-15.00