Aktuelt frå kommunen

Bob Dylan til Fusa

Tom Roger Aadland - Klikk for stort bilete Tom Roger Aadland er tilbake i Fusa med Bob Dylan-program. I haust gav Aadland ut plata Blondt i blondt og har hausta strålande omtale for sin tolkingar av Dylan på nynorsk. Han gjestar Torsdagsakademiet 16. februar kl 19.00. 

Perfekt regi

Tom Roger Aadland var i Fusa hausten 2015 og hadde stor suksess med sitt eige låtmateriale. Denne gongen er det Bob Dylan som er i fokus. Dylan fekk nobelprisen i litteratur i 2016 og det må vera litt av ein fulltreffar av Tom Roger Aadland å gje ut sine tolkingar Dylan sin klassikar frå 1966, Blonde on Blonde, same hausten som nobelprisen kom.

 

Røter i Fusa

Rogalendingen Tom Roger Aadland, med farsrøter frå Ådland, har travle dagar, men hadde heldigvis plass i turneplanen til eit besøk i Fusa. Aadland har etablert seg som artist i godt moden alder. I tillegg til sitt eige materiale har han spesialisert seg på å gjendikta Bob Dylan til nynorsk, ikkje ein og ein låt, men som heile album. Først vart Blood on the tracks (1975) til Blod på spora i 2009, og no i 2016 kom Blondt i blondt 50 år etter Blonde on blonde.

Gåvepakke

Musikkmeldarane har vore samstemte i sin skryt av Aadland sine gjendiktingar. Det er både vakker sangpoesi og litt humor her og der. Som når låten "Stuck inside of Mobile with the Memphis Blues again" er blitt til "Sitje fast i Strileland med sentrumsblues i kveld". For alle som ikkje er så kjende i Dylan sitt tekstlege univers er dette ei gåvepakke til å bli betre kjend med nobelprisvinnaren. Når ein tillegg veit at Aadland er ein glitrande gitarist og formidlar, er det berre å gle seg til ein ny stor kveld i Torsdagsakademiet.

Alle musikkinteresserte fusingar må finna vegen til biblioteket denne kvelden, no kjem Bob Dylan på nynorsk, og til Fusa! INtimkonserten startar kl 19.00 og det er inngang kr 100,- med enkel servering.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 13.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30