Aktuelt frå kommunen

BlimE på dansen!

Elevar ved Eikelandsosen skule dansar utanfor symjehallen. - Klikk for stort bileteElevar ved Eikelandsosen skule dansar utanfor symjehallen. Olav Aarvik Det har elevar frå Eikelandsosen og Holdhus skular vore. Fredag 25. oktober kl 12.00 dansa dei BlimE-dansen 2013 saman med 660 andre skular. BlimE handlar om å ha fokus på vennskap, på å invitera andre med på leik og å vera saman.

Holdhus og Eikelandsosen skular har vore med på BlimE-dansen 2013. Elevane har øvd i mange veker, og fredag var tida inne for fellesdans saman med 660 andre skular.

Ver ein venn!

"Gjennom fokus på BlimE ønskjer me at elevane skal bli meir merksame på om nokon ikkje har nokon å vera med, og på at det er sunt å ha mange å vera med," fortel rektor Olav Aarvik ved Eikelandsosen skule. "Me ønskjer å gje fokus til å vera ein god venn for andre."

NRK-super-initiativ

Det er NRK-super har tatt initiativ til BlimE-dansen. Skular frå Svalbard til Kenya har vore med. Du finn meir om BlimE på NRK Super

Videoar

Her finn du òg BlimE-dans frå mange av skulane som har vore med, m.a. Holdhus skule og Eikelandsosen skule

Heile elevflokken ved Eikelandsosen skule dansar BlimE-dansen utanfor symjehallen. | Fotograf: Olav Aarvik Elevar frå Eikelandsosen skule i aksjon utandørs. | Fotograf: Olav Aarvik Elevar frå Eikelandsosen skule dansar og syng. | Fotograf: Olav Aarvik Ivrige elevar frå Eikelandsosen skule i dansen. | Fotograf: Olav Aarvik
Elevar frå Eikelandsosen skule dansar og syng. | Fotograf: Olav Aarvik Utandørsdans og song med elevar frå Eikelandsosen skule. | Fotograf: Olav Aarvik

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.10.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30