Aktuelt frå kommunen

Bli vertsfamilie eller fosterheim for ein flyktning!

Flyktningebarn-illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

Fusa kommune treng fosterheim eller vertsfamilie til to einslege mindreårige flyktningar. Har du ledig hybel eller leilegheit? Har du tid til overs og ønskjer å vera ein støttespelar for ein einsleg mindreårig som skal skapa seg eit nytt liv i Fusa kommune?

Fusa kommune skal i løpet av 2016 ta imot og busetja sju einslege mindreårige flyktningar. Dette er barn og ungdommar som er komne til landet utan foreldre eller andre omsorgspersonar. Fem av dei skal bu i bufellesskap og to i fosterheim eller på hybel.

I dette høvet treng Fusa kommune fosterheimar eller vertsfamiliar til to av desse einslege mindreårige. Barn som skal i fosterheim er truleg mellom 11 og 14 år. Ungdommar som skal bu på hybel er mellom 16 og 18 år, opplyser barnevernsleiar Line Åsvang.

Fosterheim:

Som fosterforelder har du den daglege omsorga for barnet. Du samarbeider med barneverntenesta i kommunen om barnet sitt behov og framtid. Dette inneber at du har ansvar for alle tilhøve som gjeld den generelle oppdraginga av barnet, som oppfølging på skulen, i barnehagen, på fritida og ved sjukdom.

Som fosterforelder er du med på å gje eit barn den trygge kvardagen barnet treng.

Fosterbarn er ulike, både i alder, personlegheit og omsorgsbehov. Felles for mange fosterbarn er at dei har ekstra utfordringar med seg i bagasjen. Å vera fosterforelder kan difor vera krevjande. Alle fosterheimar vil få tett oppfølging med rettleiing.

Vertsfamilie:

Utfordringane for ein ungdom som skal skapa seg eit nytt liv i Fusa, er mange. Vertsfamilien skal vera den ekstra vaksenkontakten som vil bidra til å skapa tryggleik og tilhøyrigheit.

Målet er at ungdommen skal bli kjend i nærområdet, få nye erfaringar og læra seg nye ferdigheiter. Dette kan dreia seg om hjelp til å fiksa praktiske ting i bustaden, fritidsaktivitetar i nærmiljøet, ein søndagstur, eller ein middag/kveldsmåltid og liknande.

Vertsfamilien vil ha ein fast kontaktperson i barneverntenesta.

Slik blir du fosterheim/vertsfamilie:

  • For å bli fosterheim eller vertsfamilie for einslege mindreårige flyktningar, må du gjennom ein godkjenningsprosess.
  • Tausheitserklæring må underskrivast og politiattest må leggjast fram.
  • For vertsfamiliar vert det skrive ein oppdragsavtale med husvertane. Denne avtalen vert normalt skriven for 12 månader, men med ein månads gjensidig oppseiing.
  • Vertsfamiliane mottek arbeidsgodtgjersle i tilegg til husleige for hybelen dei leiger ut.

Meir informasjon?

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale om du ønskjer å vera fosterheim eller vertsfamilie, eller om du berre vil ha meir informasjon. Kontaktperson i Fusa kommune er barnevernleiar Line Åsvang

  • telefon 56 58 01 74 
  • eller e-post: lca@fusa.kommune.no

For meir informasjon om det å vera fosterheim:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30