Aktuelt frå kommunen

Bli med på Walk and Run - laurdag 27. mai

Walk and Run logo - Klikk for stort bilete

Laurdag 27. mai arrangerer Fusa sokneråd Walk and Run i Eikelandsosen, Tusenårsstaden ved Fjord`n Senter frå kl 13 - 15. Bli med og støtt brannskadde born i Sør-Etiopia, og sjå brannmenn og sokneprest sine løp! Det blir korpsmusikk, Streetdance ved Fusa Soul Children og mykje anna kjekt. Bli med på folkefesten! 

Walk and Run har sin bakgrunn frå Addis Abeba I Etiopia, og er eit løp der alle kan vere med. Inntektene frå løpet går til hjelp for brannskadde born i Sør-Etiopia. I Noreg har det vore arrangert Walk and Run i Harstad og i Notodden i fleire år. Fusa vert tredje staden der vi får dette til. Til hausten vert det Walk and Run i Tromsø.

Der er laga to løyper med utgangspunkt  frå tusenårsplassen ved Fjord’n senter. Den eine løypa er 200 meter og den andre 500 meter. Du kan gå eller springe, ein eller mange rundar. Det er heilt opp til deg!

Vi ønskjer at flest mogleg skaffar seg sponsorar ved bruk av familie og venner. Du kan også delta utan å ha sponsorar. Då er deltakaravgifta kr.100,- for vaksen, kr.50,- for born og kr.300,- for familie.

Arrangementet opnar kl.13.00, og folk kan begynne å gå eller løpe. Eikelandsfjorden musikklag speler. Men vi lagar til ein større fellesstart kl.13.30. Ordføraren, politiske lag, idrettslag og andre lag/org deltek saman med mange enkeltpersonar der vi håpar du er med.  Kl.14.00 får vi «Streetdance» ved Fusa Soul Children. Etterpå stiller Fusa brannvesen opp med røykdykkarutstyr der dei går eller spring. Også sokneprest Einar Ekerhovd har lova oss eit «stunt» på same tida.

Bruktbuo serverer gratis forfriskningar til deltakrane. Bruktbuo har også lenger opningstid den dagen, og har m.a. halv pris på sommarvarer! Og sy- og strikkeklubben har gåande loddsal der inntektene går til «skinnmaskin», som er heilt nødvendig i arbeidet med hudtransplantasjon etter brannskade.

Så her er det berre å bli med på folkefesten! Alle som deltek får ei lita helsing som takk – eit minne som er spesiallaga for dette løpet!

Fusa sokneråd samlar inn midlar til å få på plass ein ny klinikk i Sør-Etiopia – til hjelp for brannskadde born. Forutan å få rusta opp ei heilt ny avdeling på sjukehuset trengs medisinsk utstyr og vidareutdanning av helsepersonell. Dette vil vi vere med på. Det er også behov for ein prosjektbil til ein kostnad på om lag kr.450.000,-. Den vil vere viktig med omsyn av både pasienttransport, men også medisinsk utsytr. Fusa kommunestyre har sagt at dette skal vere eit Fusaprosjekt. Prosjektet går fram til juni 2018. Målet er å samle inn kr.300.000,-, men behovet er om lag kr.1.000.000,-. Tenk om vi kan greie det? Alle inntektene frå walk and run går til dette føremålet. 

 
Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 19.05.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30