Aktuelt frå kommunen

Bli med på sommarles!

Facebook banner Sommarles 2018 - Klikk for stort bilete

Frå 1. juni kan alle barn i 1.-7. klasse vera med på den kulaste lesekampanjen i landet: den digitale lesekampanjen Sommarles.

I fjor deltok over 300 kommunar og 58 963 barn, og Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år. Målet med kampanjen er å motivera barna til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Alle kan vera med på Sommarles, både om du les raskt eller langsamt, mykje eller lite. Lydbøker og bøker nokon les for deg tel også. 

Når?

Sommarles startar 1. juni og varer fram til 31. august. Sommarles vert avslutta med ein lesefest på biblioteket i Eikelandsosen laurdag 8. september.   

Sommarles gjer det gøy å lesa! 

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommarles.no.
  • Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar lesne side. 
  • Sommarles er for barn i 1. - 7. klasse.
  • Sommarles varer fra 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og eit spel der ein  får løysa oppgåver knytte til forteljinga. 
  • I tillegg til XP, kan barna også gjera seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket! Ungane i Fusa kan i år velja mellom magnetisk bokmerke, silikonarmband og linjal.

Sommarles er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS. Sommarles blir i 2018 leia av Telemark fylkesbibliotek, Finnmark fylkesbibliotek og Snuti ANS.

Les meir på sommarles.no!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30