Aktuelt frå kommunen

Bli med på Sommarles!

Sommarles 2016 - Klikk for stort bilete I dag 1. juni startar sommarlesekampanjen for barn. Registrer deg på Sommarles.no. Fusa folkebibliotek hjelper deg med bøker.

Kva er Sommarles?

Sommarles 2016 (PDF, 7 MB) er ein sommarlesekampanje som varer frå 1. juni til 31. august. Sommarles er gøy!

Sommarles er i utgangspunktet nettbasert, det vil seia at du registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og kan følgje med på kva vennane dine les på nettsida sommarles.no. Her får du òg tilgang til ei superspennande fantasyforteljing skrive av forfattaren Mari Moen Holsve: "Kven stal Mjølner (PDF, 946 kB)?"

Sjekk ut sommarles.no for meir info.

Har du ikkje nett tilgjengeleg, kan du likevel delta med eit vanleg lesepass. Då er det berre å stikka innom biblioteket for å få hjelp med dette.

Kven kan delta?

Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta (inkl. dei som skal byrja i 1. til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart).

Sommarles er for alle, og du konkurrerer først og fremst med deg sjølv. 

Sommarles er for både for superlesarar, gode lesarar, middels gode lesarar og dei som treng litt hjelp eller er i ferd med å læra seg å lesa (då kan barna bli lesne for eller høyra på lydbøker).

Premiar

For kvar bok du les og registrerer på sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i nivå. I Sommarles kan du lesa både vanlege bøker, e­bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan bli lesen for av nokon andre. All lesing tel og gjev poeng. Du kan få ekstrapoeng ved å svara på spørsmål knytt til den spesialskrivne fantasyforteljinga.

Lesinga er det viktigaste, men sjølvsagt har vi òg premiar. Du kan få både digitale trofé til profilen din på nettsida, og kule premiar som du hentar på biblioteket.

Alle får minst éin premie, dersom ein berre kjem i gang og les ei bok i sommar. Men du vert oppmoda til å lesa meir!

Kampanjen er utvikla av biblioteka i Vestfold, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS. Ta kontakt med Fusa folkebibliotek dersom du lurer på noko meir om kampanjen i kommunen der du bur.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30