Aktuelt frå kommunen

Bli med på ryddedugnad!

Meld deg på vårryddeaksjonen-BIR - Klikk for stort bilete BIR

To store, nasjonale ryddedugnadar startar no. Det er BIR som står bak dugnadane i området vårt. Den eine gjeld strandrydding, den andre gjeld boss i nærmiljøa. Målet er redusera forsøplinga av havet og å få det reint og ryddig til 17. mai.

Vårdugnad i nærmiljøa

Grøne bossekkar og hanskar til vårryddinga får du i Kommunetunet i Eikelandsosen. Opningstid er måndag til fredag kl. 9-14.30. Sekkane er klare for henting no. Aksjonsperioden er frå 22. april til 10. mai

Når sekkane er fulle, skal dei plasserast på ein av dei vanlege stoppestadane for bossbilen. Dei vert henta på ordinære tømmedagar for restavfall. Det er viktig at bosset vert lagt i desse spesielle sekkane, ettersom BIR opplyser at vanlege bossekkar ikkje vil verta henta.

Du kan også levera sekkane gratis på BIR sine gjenvinningsstasjonar. Hugs då å ta med avtaleskjema for henting av dugnadsboss, som du får utlevert saman med sekkane. Meir informasjon om vårdugnaden finn du her.

Strandrydding

Strandrydding - Klikk for stort bilete

Til strandrydding får du eigne, kvite sekkar på gjenvinningsstasjonen på Heiane i Eikelandsosen. Strandrydding skal meldast inn på eigne skjema som ligg på bir.no. Når skjemaet er utfylt, hentar BIR strandryddesekkane. Dei skal plasserast på ein av dei vanlege stoppestadane for bossbilen.

Strandrydding er ikkje tidsavgrensa på same måte som vårdugnaden. 

Opningstider for BIR gjenvinningsstasjon i Eikelandsosen er:

  • Måndag og torsdag: 12.00 - 19.00
  • Laurdag: 09.00-16.00

Telefon: 55 52 71 60

Meir informasjon om strandrydding finn du her.

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 11.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30