Aktuelt frå kommunen

Bli med på FusaFriskus

FusaFriskus-ill.kopi.jpg - Klikk for stort bilete

Friskliv Fusa, helsestasjonen og fysioterapitenesta startar i september eit nytt tilbod til barnefamiliar som treng å endra kvardagsvanar knytt til overvekt. FusaFriskus har fokus på m.a. kosthald, aktivitetsglede, sjølvkjensle og motivasjon. Påmeldingsfrist: 15. september.

Gruppesamlingar

Det vert 12 gruppesamlingar i løpet av skuleåret. Døme på tema i samtalegruppene er:

  • Kosthald og ernæring
  • Aktivitet og bevegelsesglede
  • Sjølvkjensle og kroppsbilete
  • Motivasjon
  • Meistring
  • Endring

Kvifor?

Stadig fleire barn blir overvektige. Årsakene er i dei fleste tilfelle feil mat og for lite fysisk aktivitet. Forsking viser at mat- og aktivitetsvanar i småbarnsalder dannar grunnlaget for dei val ein gjer som vaksen.

Korleis?

Tilbodet vårt legg vekt på at heile familien har eit bra kosthald og gode aktivitetsvanar. Barn vil oftast gjera som du gjer og ikkje som du seier. 

Det er viktig å fokusera på at ein gjer endringar fordi ein ønskjer å ha gode vanar og fremja helsa, utan å fokusera på vekt.

Gruppa møtest 12 gongar gjennom skuleåret for ulike samtaletema, rettleiing, erfaringsutveksling og fysisk aktivitet. 

Mål:

  • Å gje familiar rettleiing og hjelp til ei varig endring som fremjar helsa.
  • Auka kvardagsaktiviteten
  • Finna aktivitetar barna trivst med og som gjev dei oppleving av meistring.

Søknadsfrist og oppstart

  • Søknadsfristen er 15. september.
  • Det er lagt opp til oppstart i september 2015.

For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt med:

  • Helsesøster Astrid Gaupholm, tlf: 56 58 01 64, e-post: Astrid.Gaupholm@fusa.kommune.no
  • Helsesøster Randi Haugse Rød, tlf: 56 58 01 63, e-post: Randi.Haugse.Rod@fusa.kommune.no
  • Fysioterapeut KristinAlmås, tlf: 56 58 02 06, e-post: Kristin.Almas@fusa.kommune.no

Snarveg:

FusaFriskus-ill.2.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.08.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30