Aktuelt frå kommunen

Bli med på den største og kulaste lesekampanjen i landet!

Sommarles 2019 - Klikk for stort bilete Har du hugsa å melda deg på Sommarles? Det er ikkje for seint. Alle barn i 1.-7. klasse kan vera med på denne digitale lesekampanjen. Du melder deg på på nettsida sommarles.no.

Kven kan vera med?

Les du raskt eller langsamt? Mykje eller lite? Likar du helst å høyra på lydbøker eller nokon som les for deg? Alle kan vera med på Sommarles! 

Alle 1.-7. klassingar kan vera med. Du kan òg vera med dersom du skal byrja i 1. klasse etter ferien, eller om du går ut av 7. klasse no.

Når?

Sommarles starta 1. juni og varer fram til 31. august. Sommarles vert avslutta med ein lesefest på biblioteket i Eikelandsosen.   

Registrer bøkene du les i sommar!

Lag din eigen profil på Sommarles.no. Les så mykje du orkar, samtidig som du samlar XP (poeng), trofé og premiar. Du får XP (poeng) for kvar side du les. Stikk innom biblioteket, lån med deg bøker og hent kodeord og premiar.

Hugs å registrera alt du les - kvar einaste side tel! Ved å samla XP får du ulike digitale trofé. Når du har nådd nivå 10, 20 og 30, kan du henta premiar på biblioteket.

Les eller høyr på Sommarles-forteljinga

Les om «Det blodraude nordlyset», som er skrive av Mari Moen Holsve spesielt for Sommarles!

Denne forteljinga finn du berre på sommarles.no. Der får du òg tilgang til eit spel der du får løysa oppgåver knytte til forteljinga, som òg gir XP.

Sjå meir om Sommarles i Fusa på biblioteket si Facebook-side.

Sommaren blir mykje gøyare med Sommarles!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30