Aktuelt frå kommunen

Bli kjend med Fusa

Halil bakar lefse på takke i Eidegrend - Klikk for stort bilete

 Dei to siste vekene har Fusa kommune hatt eit eige opplegg for vaksenopplæringa der nye landsmenn har fått høve til å bli betre kjend med Fusa. Gjennom "Bli kjend med Fusa har syriske flyktningar fått innføring og informasjon om alt frå lokal tradisjonsmat til handverk, industri, kyrkjeliv, lokal og nasjonal historie og samfunnsordning.

Tradisjonell lefsebaking på takke - Klikk for stort bilete

 

Flyktningane, som går på eit obligatorisk introduksjonsprogram, skal ha aktivitet også i deler av ferien der vaksenopplæringa er stengt. Det er bakgrunnen for at flyktingetenesta, frivilligsentralen og kulturkontoret har laga eit eige intensivt "Bli kjend med Fusa"-program. Sjå dagsprogram (PDF, 100 kB).

I løpet av to veker har flyktningane reist rundt og blitt betre kjend med Fusa-bygdene. Det heile byrja med eit møte med ordførar Hans Vindenes på rådhuset måndag 22. juni. Så har det gått slag i slag over 10 dagar.


Fusanisto for VO

Dei har fått prøva alt frå brannsløkking og førstehjelp til kajakpadling, bøkring til å baka lefser, steika lappar og laga smør. Det har vore foredrag, omvisingar og demonstrasjonar. Gruppa har fått besøka kjende attraksjonar som Vinnesholmen, Holdhus kyrkje, Engevik gard og Tønnegarden. Fleire stader har ein fått nytta undervisningsopplegget frå grunnskulen som har fått namnet Fusanisto. Tilbakemeldingane tyder på at det er mange fellestrekk med den norske og syriske kulturen, særleg når ein samanliknar med korles det var i Fusa tilbake i tid.
 


Variert næringsliv

Bedriftsbesøka har vore svært vellukka. Turen gjekk til fleire lokale verksemder og arbeidsplassar, frå Fusa bu- og behandlingssenter til Framo, Sævareid fiskeanlegg og Hålandsdal leirskole. Dei har fått sjå ulike trevareprodusenter frå Leigland bygg, til takstolspesialisten L. Hjertnes til Vestlanske limtre. 

Dei fekk også sjå svært ulike aktørar i det lokale jordbruket, frå småskala geitostproduksjon på Lygre Livsgard til samdrift og nytt fellesfjøs i Strandvik. Gjennom desse besøka får ein kunnskap om og kjennskap til det lokale næringslivet og nye perspektiv på framtida etter tida på skulebenken.

 Inne på Sævareid fiskeanlegg - Klikk for stort bilete

 

Flyktningane har fått møta både frivillige, lokale entreprenørar og ikkje minst menneske som har vore i same situasjon som dei sjølve som flyktningar og innvandrarar frå andre kulturar.

Fusa vgs


Siste dagen var det informasjon og orientering på Fusa vidaregåande skule. Den vidaregåande skulen vert ein viktig institusjon på vegen vidare etter at det 2-årige introduksjonsprogrammet er over.

Fusa kommune og Fusa frivilligsentral vil takka alle som har stilt opp både for veksemdene sine eller som frivillige i gjennomføringa av "Bli kjend med Fusa". Det blir ganske sikkert ein oppfølgar i 2016!

Hjå Leigland bygg fekk gruppa orientering av nestleiar Arvid Johnsen. | Fotograf: Erik Vangsnes Marwan og Haval spelte frisbigolf på Vinnesholmen. | Fotograf: Erik Vangsnes Bygging av modell for grindverksbygg på Eide med kyndig hjelp frå Ella Marie B. Vangsnes. | Fotograf: Erik Vangsnes Haval Rihani i kajak på Vinnesholmen | Fotograf: Erik Vangsnes Bak frå venstre Parwin Madi, Marwan Rasoul, Haval Rihani, Jowan Rihani, Simona Sido, Ella Marie Brekke Vangsnes, Khalil Rihani, Georg Espenes, Margunn Eide, Svein Arne Tegland, Framme frå venstre: Jowana Rihani, Khadja Abdi, Sarifa Moola-nernæs, Bodil Samnøy, Ibrahim Satouf. | Fotograf: Erik Vangsnes Krokett i hagen på Engevik gaard | Fotograf: Erik Vangsnes Vidar Øvredal frå Vinnesholemn kystlag orienterer på tur i kulturlandskapet på Vinnesholmen. | Fotograf: Erik Vangsnes Ragnhild Bjørke syner korleis ein steiker lapper. | Fotograf: Erik Vangsnes Haval Rihani og Marwan Rasoul bakar ut lefser på Eidegrend klyngjetun. | Fotograf: Erik Vangsnes Interiør i Holdhus kyrkje | Fotograf: Erik Vangsnes Tor Johannes Hjertnes viser rundt på Fusa vidaregåande skule. | Fotograf: Sarifa Moola-Nernæs Simona Sido prøver seg på løkkeskrift i Holdhis skulesmuseum. | Fotograf: Erik Vangsnes Aktivitet i stova på Vinnesholmen | Fotograf: Erik Vangsnes Frå venstre: tolken Jalal, Ibrahim Satouf, Haval Rihani, Gordona Mrdalj, Bodil Samnøy, Sarifa Moola-Nernæs, Erik Vangsnes, Khalil Rihani, Khadja Abdi, Parwin Madi, Marwan Rasoul, Framme frå venstre: Jowana Rihani, Simona Sido, Jowan Rihani,  | Fotograf: Fredrik Thorsen
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.07.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30