Aktuelt frå kommunen

"Bli kjend med Fusa" 2016

Bli kjend med Fusa: Nærmøte med lokal laks - Klikk for stort bilete I to augustveker har nye fusingar vorte kjende med lokalt næringsliv og institusjonar, fleire bygder og lokale tradisjonar og kulturminne. Fusa kommune takkar alle som har hjelpt til! 

Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Bodil Samnøy Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Bodil Samnøy Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes

Tilbod for vidarekomne og heilt nye 

Elevane på introduksjonsprogrammet i vaksenopplæringa har før skulestart hatt eit eige «Bli kjend med Fusa»-opplegg. Dette er ei vidareføring av eit tilsvarande tilbod sommaren 2015. I år har ein nokre dagar hatt to ulike grupper: ei for dei som var med i 2015 og ei gruppe for dei som har kome til Fusa etter sommaren 2015. Dei som var med i fjor, fekk i år nytt påfyll m.a. informasjon om bedriftsetablering på eit miniseminar på Tønnegarden i samarbeid med Fusa utviklingsselskap.

Fusa-geografien

Eitt av siktemåla med opplegget er at dei som har kome til Fusa som flyktningar skal bli betre kjende med geografien i kommunen. I løpet av dei to vekene har det vore turar til Strandvik, Bogøy og Holmefjord, Hålandsdalen, Sævareid og Fusa. Nytt i år var ein dag i Bergen. Det vart ein «typisk» sommardag i Bergen i øs pøs regn, museumsbesøk og byvandring. Dagen var eit høgdepunkt for fleire, sjølv om han vart våt!

På tur til lokale verksemder og arbeidsplassar

Det var besøk på ulike verksemder som viser variasjonen i det lokale arbeidslivet frå fiskeoppdrett til landbruk, handel, serveringsverksemder, bergverk, mekanisk industri og kraftforsyning. Det har også vore besøk på kommunale arbeidsplassar som Jettegryto barnehage og Fusa bu- og behandlingssenter. Arbeid er eit tema som fengjer og bedriftsbesøk er noko gruppa ønskjer meir av. 

Frå tradisjonsmat til bøkkartradisjonar

Det har vore fokus på lokale tradisjonar og historie med besøk i Holdhus kyrkje, Eidegrend klyngjetun, offisersgarden på Engevik og bøkkarverkstaden på Samnøy. Dei har fått læra å laga lappar, steika vafler og kinna smør. Det er stor interesse for å læra meir om både natur, kultur og historie.

Møte med kyrkjelyden

I Fusa kyrkje fekk dei møta sokneprest Einar Ekerhovd og medlemer i kyrkjelydsutvalet. Her var det både omvising og ei kort i innføring i kristne tradisjonar og liturgi. Her var det stor stas å få prøva prestekappa!

Møte med ordføraren

Dei ferske fusingane har også fått møta ordførar Atle Kvåle og fått informasjon om kommuneorganisasjonen på Kommunetunet. 

Dette var kjekt!

Under evalueringsmøtet siste dagen var det tydeleg at det hadde vore mange høgdepunkt og gode opplevingar i løpet av dei to vekene. Alle var stornøgde med opplegget. Arrangørane fekk også nyttige tilbakemeldingar til planlegginga av Bli kjend med Fusa 2017.

Takk til alle som stilte opp!

«Bli kjend med Fusa» har vore eit samarbeid mellom Fusa frivilligsentral og kulturkontoret. Mange frivillige har gjort ein stor innsats. Dei fortener ein stor takk. Arrangørane er også svært takksame for at lokale verksemder og institusjonar har teke så vel i mot og delt sine kunnskapar.

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 18.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30