Aktuelt frå kommunen

Bli ein flyktningeven

Internasjonal kafe i Kommunetunet - Klikk for stort bilete

Fusa har fått fleire nye innflyttarar med utanlandsk bakgrunn dei siste månadane som treng å koma i betre kontakt med nordmenn. Det blir invitert til temakveld for dei som ønskjer å bli «flyktningevener» torsdag 28. mai kl 18.00 på Fusa folkebibliotek, i Kommunetunet på Leiro i Eikelandsosen. Tema-kvelden er open for alle interesserte.

Fusa kommune og Fusa frivilligsentral har eit tett samarbeid i dette arbeidet.  Flyktningekoordinator Sarifa Moola-Nernæs, kulturleiar Erik Vangsnes og leiar for frivilligsentralen Bodil Samnøy har danna ei "fritidsgruppe" som har som mål å skapa møteplassar for menneske med ulik bakgrunn. Gjennom å møta kvarandre kan me bli meir bevisste på kulturelt mangfald og behovet alle har for å ta del i eit fellesskap, bli sett og verdsatt. Tiltaka er for alle i Fusa.

Me har tidligare i år hatt internasjonal kafè med markering av FN-dagar 21. februar og 21. mars (sjå bilete). Desse dagane var svært vellukka, men me ser at flyktningane og andre nytilflyttarar mest av alt treng eit nettverk i kvardagen.

No vil me arrangere ein temakveld for  nye besøksvener/ flyktningevener. Målgruppa for kurset er familiar og einskildpersonar som kan tenka seg å vera kontaktpersonar og besøksvener for våre nye landsmenn slik at desse kan bli betre kjende og inkludert i Fusa. Slike nettverk også svært viktige for å praktisera og læra norsk. På temakvelden vil me også ha ei matøkt og tid til prat saman og kvelden vil vara frå kl 18-21.

Fusa kommune hadde i haust eit folkemøte i samband med dei første flyktningane som kom til Fusa. No vil me oppmode dei som var med der og sjølvsagt alle andre som syns dette er interessant og meiningsfylt, til å vere med på temakvelden torsdag 28. mai.

Tips gjerne dei du kjenner om denne kvelden. Alle er velkomne til eit uforpliktande informasjonsmøte.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.05.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30