Aktuelt frå kommunen

Blått val også i Fusa

F.v. Grete Tveitnes, Kristine Hjartnes og Bjørn Vik Solheim i konsentrert arbeid med kontrollteljing av røystesetlar. - Klikk for stort bileteF.v. Grete Tveitnes, Kristine Hjartnes og Bjørn Vik Solheim i konsentrert arbeid med kontrollteljing av røystesetlar. EMBV Høgre kunne innkassera vel ein fjerdepart av stemmene ved Stortingsvalet og Framstegspartiet fekk 16 %. Slik skilde ikkje Fusa seg mykje frå resten av landet. Men ordførarpartiet - Senterpartiet - fekk nesten tre gonger så mange % og Kristeleg Folkeparti vel dobbelt så stor prosentdel som nasjonalt. Valdeltakinga var svært god: 81,4 %.

Godt frammøte

Det vart avgitt 2259 røyster i Fusa. Frammøteprosenten var dermed høgare enn både i Hordaland (80,5 %) og landet sett under eitt (78 %). Dette er ikkje uvanleg for Fusa, som har hatt svært høg valdeltaking ved Stortingsvala. 

Typisk og utypisk

Fusa har altså om lag lik prosentdel Høgre-veljarar (26 %) og FrP-veljarar (16 %) som landet totalt. Heller ikkje Miljøpartiet Dei Grøne låg langt unna landsprosenten med sine 2,5 % av Fusa-røystene.

Arbeidarpartiet derimot har mykje lågare oppslutning i Fusa - 17,8 % - enn i landet sett under eitt. Også SV med sine 3 % og Venstre med sine 4,4 % ligg under landsoppslutninga, medan SP og KrF i Fusa altså ligg godt over. De Kristne fekk større prosentdel av røystene enn på landsplan med sine 1 % i Fusa, medan Rødt fekk litt mindre - 0,8 %.

Alle dei 16 partia som stilte liste i Hordaland, fekk røyster i Fusa. Seks av dei fekk mindre enn 5 røyster, og aller minst var Pensjonistpartiet med 1 røyst.

Sjå valresultata på Kommunal- og regionaldepartementet sine valsider.

Sekretær på FBBS Anne Marie Skibenes og politikar Margun Y. Samnøy kontrolltel røystesetlar. | Fotograf: EMBV Teljemannskap frå Fusa kommune: f.v. Gunn Marit S. Måge, Linda Haaland, Sigrun Frydenlund og Birgit Rosvoll. | Fotograf: EMBV F.v. Grete Tveitnes, Kristine Hjartnes og Bjørn Vik Solheim i konsentrert arbeid med kontrollteljing av røystesetlar. | Fotograf: EMBV F.v. Grete Tveitnes, Kristine Hjartnes og Bjørn Vik Solheim i konsentrert arbeid med kontrollteljing av røystesetlar. | Fotograf: EMBV
Liv Selø Næss kontrollerer avkryssingar i manntalet mot talet på innleverte røystesetlar. | Fotograf: EMBV Ordførar Hans S. Vindenes hengjer opp lista med valresultatet for Fusa kommune 2013. | Fotograf: EMBV Politikar Magne Djuvik signerer siste kontrolltalde konvolutt medan teljemannskapet ser til at alt går rett for seg. F.v. Berit Torgilstveit, Anne Marie Skibenes, Magne Djuvik og Tor J. Johnsen. | Fotograf: EMBV

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.09.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30