Aktuelt frå kommunen

Blålysveker i Jettegryto barnehage

Brannbilbesøk i Jettegryto - Klikk for stort bileteBrannbilbesøk i Jettegryto Jettegryto

 

I mai og juni har barna i Jettegryto barnehage hatt besøk av ambulanse, brannbil og politibil. Små og store i barnehagen har lært mykje nytt og nyttig, fortel styrar Kjellaug Skage Raunsgard. 

Stabilt sideleie og nødnummer

Karen Træland og Johannes Søfteland kom på besøk med ambulansen. Dei som ville fekk prøva å liggja på båra, og alle fekk køyra ein tur. Før besøket hadde barna lært om nødnummer, korleis vi kan leggja ein person i stabilt sideleie, og at vi må varsla ein vaksen dersom nokon er skada eller har besvimt.

Trafikkreglar og sykkelhjelm

Lensmannsbetjent Ove Ivarhus hadde med seg politibilen og bamsen Eddie. Han fortalde om trafikkreglar og at vi må bruka hjelm når vi syklar og setebelte i bilen.

Brannslange

Den siste veka hadde Jettegryto barnehage fokus på brannvern. Dei avslutta med rømmingsøving. Brannsjef Gunnar Hatlelid og feiar Roger Ulland kom med brannbilen med fulle sirener til barnehagen. Styraren fortel at det var stor stas å få prøva brannslangen og få ein køyretur i brannbilen.

Dette har vore spennande og lærerike veker for store og små, oppsummerer Kjellaug Skage Raunsgard, og nyttar høvet til å retta ei stor takk til alle som stilte velvillig opp.

Brannsjef Gunnar Hatlelid viste fram brannbilen - og tok barna med på prøvetur. | Fotograf: Jettegryto Det var spennande å få prøva brannslagen - med god hjelp av feiar Roger Ulland. | Fotograf: Jettegryto Ungane fekk helsa på politibamsen Eddie og lensmannsbetjent Ove Ivarhus. | Fotograf: Jettegryto 4-fislene syng Førstehjelps-songen til Karen og Johannes på ambulansen: Bæ, bu sykebil - det er 1-1-3. Trenger du no' hjelp, må du ringe det! Har du fått et sår, da er du flink og går og henter voksne og plasterlapp du får!

 | Fotograf: Jettegryto

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30