Aktuelt frå kommunen

Bjørnefjorden kommune?

Bjørnafjorden kommune - kart over kommunane rundt Bjørnafjorden - Klikk for stort bilete Dei tre kommunane Fusa, Os og Tysnes held fram arbeidet for ei eventuell kommunesamanslåing. Les meir om kva som har skjedd og kva som skal skje før endeleg vedtak vert fatta 16. juni 2016.

Bakgrunn for kommunereforma

Stortinget ønskjer å gjennomføra ei kommunereform, der fleire kommunar slår seg saman. Målet er større, meir robuste kommunar med auka makt og myndigheit, som er betre rusta til å møta utfordringar i framtida og auka forventningar frå innbyggjarane.

Alle kommunane i Noreg vart hausten 2014 inviterte til å starta arbeidet med å avklara om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Kommunane skal fatta vedtak om eventuelle samanslåingar innan 1. juli 2016.

Du kan lesa meir om kommunereforma på temasida vår.

Kva har skjedd så langt i høve til Bjørnefjorden kommune?

I 2014 møttest kommunane Austevoll, Fusa, Os, Tysnes og Samnanger for innleiande samtalar om endring av kommunestrukturen i området. Samnanger ønskte ikkje å gå vidare med arbeidet etter desse samtalane, medan Austevoll, Fusa, Os og Tysnes heldt fram. I byrjinga av 2016 bestemte Austevoll seg for at heller ikkje dei ønskte å gå vidare med arbeidet. Tre kommunar står då att med eit ønskje om vidare samarbeid: Fusa, Os og Tysnes.

Kva skjer no?

I dag jobbar desse tre kommunane rundt Bjørnafjorden med å greia ut eit alternativ om samanslåing til éin kommune. Arbeidsnamnet på den nye kommunen er "Bjørnefjorden kommune".

Politiske styringsgrupper har arbeidd med kommunereforma i alle dei tre kommunane. I byrjinga av 2016 vart det oppnemnt forhandlingsutval i Fusa, Os og Tysnes, som består av ordførar, varaordførar, opposisjonsleiar og rådmann. Assisterande rådmann i Os kommune, Paul J. Manger, er prosessleiar for arbeidet.

Forhandlingsutvala og dei tillitsvalde møttest til første møte 16. mars, der eit framlegg til intensjonsavtale vart presentert. Intensjonsavtalen er eit dokument som skildrar korleis dei tre kommunane ser for seg at ei eventuell samanslåing kan skje.

Vegen fram mot eit vedtak

Forhandlingsutvala og dei tillitsvalde skal møtast på nytt 25. april for å arbeida vidare med framlegget til intensjonsavtale. Målet er å signera intensjonsavtalen i starten av mai.

Intensjonsavtalen skal behandlast i ekstraordinært kommunestyremøte 18. mai i alle dei tre kommunane. I desse møta vil dei tre kommunestyra òg ta stilling til korleis innbyggjarane skal få seia si meining om ei samanslåing før endeleg vedtak 16. juni. Eventuelle folkemøte vil skje i slutten av mai. Ei meiningsmåling kan vera aktuell i starten av juni.

Meir informasjon

Det vert publisert oppdatert informasjon om arbeidet med kommunereforma på nettsidene til dei tre kommunane i etterkant av møta i april og mai. Då vil du òg kunna lesa framlegg til intensjonsavtale og andre dokument. 

Prosjektplanar for kommunereformarbeidet i Fusa, rapportar, utgreiingar, referat frå folkemøte og kommunestyremøte i 2015 og 2016 finn du på ei eiga side på nettstaden til Fusa kommune

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30