Aktuelt frå kommunen

Bjørnefjorden kommune på dagsorden i Oseana

Oseana kunst- og kultursenter i Os. - Klikk for stort bilete

Temarksforsking presenterer rapport om ein mogeleg "Bjørnefjorden kommune" på Oseana kunst- og kultursenter tysdag 10. november kl 18.00. Møtet er felles for kommunsestyra i kommunane Os, Tysnes, Austevoll og Fusa og er ope for alle interesserte.

Ordførar i Os, Terje Søviknes, innleier, før Telemarksforsking presenterer rapporten «Bjørnefjorden kommune: Utgreiing av føresetnadar for ein ny kommune». 

Deretter vil det vera ope for spørsmål og kommentarar frå kommunestyremedlemmane frå dei fire kommunane og andre i salen. Til slutt vil ordførarane kommentera rapporten.

Møtet startar klokka 18.00 og varer til om lag klokka 20.30.

​Det er rikeleg med plassar òg for andre interesserte tilhøyrarar denne kvelden. Vel møtt!

Sjå annonsetekst. (PDF, 122 kB)

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 09.11.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30