Aktuelt frå kommunen

"Bjørnefjorden Gründerpark" etablerer seg i Eikelandsosen

Utsnitt av dronefoto av Leiro og Neset i Eikelandsosen, sett frå sjøen. - Klikk for stort bilete Knut Revne Er du på jakt etter ein kontorplass? I løpet av våren skal entreprenørskapssenteret "Bjørnefjorden Gründerpark" etablera ei avdeling i Fjord'n Senter i Eikelandsosen. No søkjer dei leigetakarar.

Gründerparken skal halda til i andre etasje i Fjord'n Senter, i deler av lokala som husar NAV i dag. NAV skal ha mindre areal framover.

Kva er ein gründerpark?

"Bjørnefjorden gründerpark" er eit entreprenørskapssenter laga for gründerar, nystarta bedrifter, pendlarar og andre som ikkje er avhengige av eit lukka kontor.

Gründerparken er for dei som får energi av å omgi seg med andre som vil utvikla bedriftene sine, fortel næringskonsulent i Os kommune Jon Sivert Rykkel.

Kva tilbyr gründerparken til leigetakarar?

Som leigetakar i "Bjørnefjorden Gründerpark" får du tilgang til:

  • Fleksible kontorarbeidsplassar
  • Sosialt og fagleg fellesskap
  • Ressursar hjå Bergen Teknologioverføring (BTO)
  • Kontakt med kommunar, organisasjonar, næringssjef i Os kommune, Bjørnafjorden Næringsråd og næringsliv i bjørnafjordsregionen.

I tillegg får du bli med på aktivitetar og kurs for kompetanseheving, nettverksbygging og organisasjonsutvikling.

Inkludert er også fri tilgang til møterom, kjøkken og alle fasilitetar du kan venta frå eit moderne kontorfellesskap, både i Eikelandsosen og på Osøyro, fortel Rykkel.

Ønskjer du å leiga kontorplass?

Ta kontakt med næringskonsulent Jon Sivert Rykkel på e-post: jsry@os-ho.kommune.no for meir informasjon og opplysningar om vilkår og takstar for leige m.m.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.01.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30