Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Ole Bjørn Eikeland
Biskop Halvor Nordhaug vitjar Fusa denne veka fotograf Ole Bjørn Eikeland
Blåbussen som vart nytta til kyrkjeskyss
Søndag vert det høve til ein tur med blåbussen som vart nytta til kyrkjeskyss på 1960-talet

Bispevisitas og kyrkjejubileum

Fusa sokn går inn i ei veke prega med bispevisitas og at Fusa kyrkje fyller femti år. Den 2. september, på dagen femti år etter at Fusa kyrkje vart vigsla, skal dette markerast med visitas- og jubileumsgudsteneste med påfølgjande kyrkjekaffi i Fusa samfunnshus. Veka vert dessutan prega av mange ulike arrangement og hendingar: jubileumskonsert, folkemøte, kyrkjelydsfest, samlingar i forskjellige kyrkjer, oppstart for ungdomsklubben og andre kulturelle og historiske overraskingar!

I januar 1959 brann den gamle i kyrkja på Fusa. Dette vart for mange ei tung oppleving, og det vart eit stort engasjement for å få reist ei ny Fusa kyrkje. Sundag 2. september 1962 vart nykyrkja vigsla, med dåverande biskop Juvkam i følgjet.

Jubileumsskrift

På dagen 50 år etter, den 2. september 2012, skal vi i Fusa feire 50-årsjubileum. Jubileumsskriftet som er levert til alle husstandar i Fusa, fortel mykje om historikken. Skrivar Anders Holmefjord har snakka med fleire nolevande personar som kan fortelja om si oppleving kring brannen, gjennoppbygginga og bruken av kyrkja etter at den vart teken i bruk i september 1962. No er det tid for å markera dette, og vi har bispevisitas samstundes. Det vil seia at vi på dagen femti år etter vigslinga har biskop Halvor Nordhaug med oss.

Treng du skyss?

Til fleire av arrangementa er det tilbod om skyss. Det gjeld jubileumskonserten i Fusa kyrkje tysdag 28. august, kyrkjelydsfesten torsdag 30.august og gudstenesta sundag 2. september. Du kan anten ringja Ingjald Vestbø, tlf.56 58 52 14, eller til Fusa kyrkjekontor, telefon 56 58 01 81.

Blåbussen frå 1960-talet vert med

Blåbussen som vart nytta til kyrkjeskyss på 1960-talet vert med på sundagen, og den går frå Eikelandsosen sundag kl 10.15. Møt opp i tide og du får gjerne plass. Elles vert det skytteltrafikk med blåbussen frå kyrkja og opp til Fusa samfunnshus etter gudstenesta, så her vil det bli høve for alle å få seg ein ”historisk” busstur.

Fleire av våre eldre prestar kjem til sundagen!

Vi har også fått beskjed om at fleire av våre ”gamle” prestar kjem på jubileumsdagen, så her vert det også høve til å få mimra litt med dei og høyra korleis det elles står til!

Variert program visitas- og jubileumsveka

Fusa sokneråd har lagt opp eit variert program for veka, og ønskjer folket i Fusa velkomen til dei ulike samkomene og fellesskapa som skal vera denne veka:

Tysdag 28. august
Kl 08.30 Morgonbøn i Hålandsdal kyrkje

Kl 11.00 ”Frå statskyrkje til folkekyrkje” v/biskop Halvor Nordhaug. Samarbeid mellom Senioruniversitetet i Fusa og Fusa sokneråd. Enkel servering. Fri inngang.

Kl 19.00 Jubileumskonsert i Fusa kyrkje – ei musikalsk tidsreise i tid og kyrkjerom – ein konsert krydra med lokal historie frå Fusa kyrkje. Fri inngang. Høve til å gje ei jubileumsgåve ved utgangen.

Onsdag 29. august
18.00 Kveldsbøn i Sundvor kyrkje

Torsdag 30. august
Kl 19.00 Kyrkjelydsfest i Eikelandsosen bedehus. Tema: ”Medarbeidarskap”. Tale ved biskop Halvor Nordhaug

Fredag 31. august
Kl 18.00 Ungdomsklubb frå 8. klasse og eldre


Sundag 2. september
Kl 11.00 Visitas- og jubileumsgudsteneste. Sundagsskule i blåbussen. Barnekor deltek.

Kl 13.00 Jubileums- og visitaskyrkjekaffi

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.08.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30