Aktuelt frå kommunen

Bibelhalvmaraton og bibelfest

Bibel frå 1888 heimehøyrande i Hålandsdalen - Klikk for stort bileteBibel frå 1888 heimehøyrande i Hålandsdalen Harald Geir Sæther Fredag ettermiddag 3. juni går startskotet for bibelhalvmaratonen som skal gjennomførast i Fusa og avsluttast med bibelfest laurdag kveld. Ordføraren opnar og 100 fusingar deltek i lesestafetten, som er del av markeringa av at Det norske bibelselskap er 200 år.

Bibelselskapsjubileum

Bakgrunnen for både halvmaraton og fest er at Det norske Bibelselskap sist helg fylte 200 år. Somme stader i landet skipar dei til bibelmaraton og les heile bibelen. I Fusa har ein bestemt seg for halvmaraton, som vil seia lesing av nytestamentet.

"Fredag set vi i gang med bibelhalvmaraton i Eikelandsosen bedehus. Då skal 100 fusingar lesa Det nye testamentet," fortel ein oppglødd kyrkjeverje Harald Geir Sæther. "Dette er ei storhending, og vi håpar mange finn vegen innom i løpet av fredagen og laurdagen. Laurdag kl 18.00 er alle velkomne til bibelfest."

Bibelhalvmaraton

Halvmaratonen vert opna med ein kort opningsseremoni fredag kl 14.50 i Eikelandsosen bedehus. Ordførar Atle Kvåle opnar stafetten med å lesa frå Matteusevangeliet kl 15.00.

"Både Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet har sine eigne "timar" med bibellesing. Vi skal dessutan ha både "prestetimen" med gamle Fusa-prestar, Noah-timen, jentetimen og den internasjonale timen," fortel Sæther. "Det skal lesast på 10-15 språk. Både barn og vaksne er med, den eldste over 90 år. Vi skal lesa Det nye testamentet utan stogg frå fredag ettermiddag, gjennom kvelden og natta og fram til laurdag kl 18.00. Målet vårt er å bli ferdig med lesinga laurdag kl 18.00 før vi set i gang med stor bibelfest."

Bibelfest

Fusa sokneråd håpar mange finn vegen til Eikelandsosen bedehus for å få ei oppleving av og innblikk i kulturell og kristen tradisjon gjennom mange hundre år. "Dette blir ein annleis fest med fokus på Bibelen før og no - ein fest vi trur passar for alle," seier Harad Geir Sæther, og lovar festkake og mange overraskingar og spennande innslag.

Toril Hjartåker Hauge skal ha kåseri om "Bibelen i Fusa". "Vi veit at den eldste Bibelen som kom til Noreg er frå 1550. Det kom nye utgivingar både i 1589, 1633 og 1670 i tillegg til nye utgåver både på 1700-, 1800- og 1900-talet. Men kor gamal er den eldste Bibelen i Fusa? Dette vil vi få vita laurdagskvelden," fortel Sæther.

Kyrkjekontoret har hatt ei undersøking på kva bibelord som har betydd mest for fusingane. Resultatet vert offentleggjort under festen.

Utstillingar

I samband med "Bibelhalvmaraton" har alle skulane delteke med å laga teikningar. 3. og 4.-klassingane har teikna ulike bibelmotiv, som vert stilte ut i bedehuset. 

Det vert òg utstilling av gamle undervisningsplansjar med ulike bibelforteljingar, biblar og bibelord som har betydd noko for fusingar gjennom livet.

Døgnope bedehus

"Alle som ønskjer det kan koma innom bedehuset - dag og natt!" fortel Harald Geir Sæther. Eigne stabsgrupper er til stades heile tida, ein kan tenna lys i lysgloben, og det er høve til å setja seg ned og lytta på dei som les.

Det vert òg enkel, gratis servering heile døgeret.

Du kan følgja framdrifta i bibelhalvmaratonen på facebook-sida til Fusa sokn. 

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 02.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30