Aktuelt frå kommunen

Betaling av kommunale avgifter hausten 2016

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete Faktura for kommunale avgifter for andre termin 2016 er på veg i posten. Denne gongen gjeld det abonnementsavgift for vatn og avlaup, gebyr for slamtømming, feiing og branntilsyn. Sjå gebyrregulativet for detaljert informasjon. 

Kommunale avgifter vert fakturerte to gonger i året. 1. termin hadde forfall 25.05. Fakturaer for dei kommunale avgiftene for andre termin er no sende ut og kan ventast i posten med det første. Forfallsdatoen er 25. september 2016.

Terminar og forfall

  • Vatn og avløp: Forbruksgebyr for vatn og avløp for alle abonnentane forfall til betaling 25. mai. Abonnementsgebyr forfell til betaling 25. september.
  • Slamtømming: Gebyr forfell til betaling med ein ¼-part 25. mai og ¼-part 25. september for dei eigedommane som får utført tømming annakvart år. For dei eigedommane som får utført tømming kvart fjerde år, vart det fakturert ¼-part med forfall 25. mai i år.
  • Feiing og branntilsyn: Feiing vert normalt utført kvart 2. år (ekstrabetaling for dei som må ha feiing oftare). Tilsyn vert utført kvart 4. år. Ein betaler gebyr årleg, og i 2016 er forfallsdato 25. september.

Meir informasjon om betalingssatsar for 2016 finn du i gebyrregulativet.  

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30