Aktuelt frå kommunen

Besøk frå Landssammenslutninga for nynorskkommunar

F.v. Vidar Høviskeland - dagleg leiar i LNK, ordførar Hans Vindenes og Solfrid Borge - styreleiar i LNK. - Klikk for stort bileteF.v. Vidar Høviskeland - dagleg leiar i LNK, ordførar Hans Vindenes og Solfrid Borge - styreleiar i LNK. Terje Raunsgard

Fusa er med i Landssammenslutninga for nynorskkommunar (LNK). Denne veka kom dagleg leiar Vidar Høviskeland og styreleiar Solfrid Borge på besøk. 

Fusa kommune er ein av 102 kommunar som er medlem i Landssammenslutninga for nynorskkommunar. Borge og Høviskeland orienterte om kva dei arbeider med i LNK og kva dei kan tilby medlemmene sine.
 
Språkkurs og nettaviser
 
LNK driv eit omfattande arbeid og har m.a. kurs i språkbruk for kommunalt tilsette. Kursa tek for seg rettskriving, men vel så viktig er at det også vert reflektert rundt formuleringar og klart språk.
 
LNK driv fleire nettbaserte aviser og tidsskrift på nynorsk:
  • pirion.no - som er retta inn mot barnehage
  • framtida.no - som er ei nyhendeavis retta mot ungdom
  • magasinett.no - som er retta mot ungdomsskule og vidaregåande skule
Veit du forresten at det finst ei nynorsk startside på nett? Startsida.no - også denne er det LNK som står bak.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30