Aktuelt frå kommunen

Besøk av Trommelars

Engasjerte trommedamer - Klikk for stort bileteEngasjerte trommedamer FBBS

 

 

Tysdag 5. februar hadde Fusa bu- og behandlingssenter og dagsenteret Fjordblikk besøk av Trommelars. Lars Kolstad er ute på turne med programmet "Trommesirkel" og gjorde stor suksess i Fusa. 

 

 

Aktivitør Mildrid Aarvik melder om kjempesuksess. Alle fekk ulike trommer med mange ulike lydar i og det vart eit flott orkester. Ho fortel at Lars Kolstad hadde ei særleg evne til å få god kontakt med bebuarane. Han fekk dei aller fleste med på å tromma rytmar og syngja kjende songar.

Trommelars skal vidare til Os, Samnanger og Kvam med denne turneen.

 

Fusa har saman med desse tre kommunane har eit kultrelt nettverk for arbeid med Den kulturelle spaserstokken. Denne turneen er vorten til gjennom dette nettverket. Turneen har fått tilskot frå Hordaland fylkeskommune.

Trommelars i aksjon saman med eldre på FBBS februar 2013 | Fotograf: FBBS Trommelars engasjerte alle: Mann med tromme | Fotograf: FBBS To kvinner med trommer | Fotograf: FBBS

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.02.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30