Aktuelt frå kommunen

Bente Bratlund i Torsdagsakademiet

Bente Bratlund - Klikk for stort bilete

Jula står for døra og Torsdagsakademiet i Fusa avsluttar 2017 med eit jubileum. Bente Bratlund debuterte som forfattar for 40 år sidan. Du får eit tett og nært møte med jubilanten på biblioteket i Eikelandsosen torsdag 30. november kl 19.00

Skriv for fleire generasjonar

Bente Bratlund har hatt ein stor og rik forfattarskap etter debuten med diktsamlinga «Lukkelege båt» i 1977. Ho skriv for barn og unge, og om vaksenliv og alderdom. I tillegg til sine eigne utgjevingar er ho med i diktsamlingar og antologiar. Bente Bratlund si varme forteljarstemme ber fram fine barnebøker, gripande dikt, tankevekkjande innspel og engasjerte utbrot med snert og humoristisk vemod.

Frå lærar til forfattar

Bente Bratlund  vaks opp på eit småbruk i Os, og var lærar på ungdomstrinnet på Nore Neset skule i ti år. Ho gjekk så over til å vere heiltidsforfattar, med eit lite mellomspel som journalist i ei lokalavis. Ho har i seinare år kombinert diktinga med forfattarbesøk i skulen og skrivekurs for nye forfattarspirer. 
 

Samliv og samarbeidspartnarar

Bente var i ei årrekkje gift med biletkunstnar og skulptør Arne Mæland. Dei to dreiv saman Galleri Solbakkestova i Os. I 2006 gifta ho seg på nytt med fotografen Einar Søberg, som har illustrert dei siste diktsamlingane med sine bilete, og budde i mange år austpå.
 
Bente har gode vener i Fusa og har hatt ulike oppdrag her og samarbeid med fusingar i åra som har gått. Alle interesserte er hjarteleg velkomne til jubileumsprogram i Fusa folkebibliotek torsdag 30. november. Inngang kr 100,- med enkel servering.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 30.11.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30