Aktuelt frå kommunen

Bassengtid for barnehageborn

Vasstilvenning for barnehagene (Os & Fusaposten) - Klikk for stort bilete

Fusa kommune har fått eit tilskot på kr 170.000,- frå fylkesmannen for å gje born i barnehagane tilbod om vasstilvenning i basseng. Tilbodet går i første omgang til 4-åringane. Badinga kjem i gang fredag 17. mars i Framo-aktiv sitt basseng på Fusa .

I følgje einingsleiar for barnehagane, Irene Kvåle Foer, viser erfaringane at dette er lærerikt for borna på fleire område; dei tek buss, dei vert sjølvstendige i garderobesituasjonen og vert tryggare i vatn. Det er tredje året på rad at born i Fusa får dette flotte tilbodet.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.03.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30