Aktuelt frå kommunen

Barneteater i biblioteket onsdag 8. november

Farfars bombekrater - Klikk for stort bilete

Forfattar og skodespelar Adele Duus kjem til biblioteket med ei teaterframsyning basert på boka "Farfars bombekrater" onsdag 8. november kl 17.00. Inngang kr 100,- per familie. Høver for born frå 5 år.

Doktor på Voss under 2. verdskrig

Farfars bombekrater handlar om å vera doktor på Voss i gamle dagar. Vi er i det gamle doktorhuset på Voss, og vi blir leia tilbake til den tida da tyskarane okkuperte landet vårt. Då var det svært vanskeleg å vera norsk doktor: Den gangen ein måtte eta lungemos, blodpudding og kålrabi heile tida, og gå i sko laga av fiskeskinn. 

Historiene er spennande eller triste, andre rare og morosame. Alle er sanne!

 

Ei forteljarframsyning

"Farfars bombekrater" er ei forteljarframsyning, der boka blir levandegjort og formidla på scenen gjennom forteljing, bilete, musikk og drama. Passer best for born i skulealder.

«Fortell for meg, da farfar! Forteller om krigen! Om bomben som falt gjennom huset, om soldatene, og om den gangen du nesten ble arrestert!» 
 
Framsyninga er i Fusa folkebibliotek sine lokale i Kommunetunet, Eikelandsosen. Arrangementet er i samarbeid med Folkeakademiet i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 02.11.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30