Aktuelt frå kommunen

Barnehagebarn erobrar fjell

Barnehagebarn inntek Bogafjellet! - Klikk for stort bilete Strandvik oppvekstsenter Kvar vår dreg dei eldste barna i barnehagen ved Strandvik oppvekstsenter på "fjellerobringar". I år har dei innteke Haugsåsen, Steinfjellet, Nylandsfjellet, Vinnesleiro, Blikksåsen og Bogafjellet.

Turglade

I barnehagen i Strandvik oppvekstsenter går vi mykje på tur, fortel styrar Solveig Vindenes. Det er dei eldste barna som erobrar fjell. Dei har sitt eige turkort som dei får klistremerke på for kvart fjell dei klarer.

Dei minste barna i barnehagen syns òg det er kjekt å gå på tur. Nedanfor er nokre bilete frå ein tur der dei leita etter småkryp. "Dei var kjempeinteressante å studera!" kommenterer barnehagestyraren.

Skattekart og gåsunge

Barnehagebarna har opplevd mykje på turane sine. På Blikksåsen fann dei eit litt skummelt skattekart. Skatten låg gøymd ved Blikksåstjønna. Øvst i Kleivane traff dei på gåsungen Andy, som alle syns var veldig søt. "Og kjekkare leikeplass enn toppen av Bogafjellet er vel vanskeleg å finna," avsluttar Solveig Vindenes.

 

Matpause på Bogafjellet – Silje, Laur Espen og Celina. | Fotograf: Strandvik oppvekstsenter Bogafjellet er eit flott leikeområde. Her er June Nathalie, Celina, Silje og Laur Espen i aktivitet. | Fotograf: Strandvik oppvekstsenter Barnehagebarna syntest Andy var verdas søtaste gås. Her tek han eit bad. | Fotograf: Strandvik oppvekstsenter På toppen av Haugsåsen i Strandvik. | Fotograf: Strandvik oppvekstsenter Pause på Knappen. Celina, June Nathalie og Fride Sofie deler godsaker med kvarandre. | Fotograf: Strandvik oppvekstsenter Hedda og Sol Atalie studerer småkryp. | Fotograf: Strandvik oppvekstsenter Jonas, Hedda og Sol Atalie studerer småkryp. | Fotograf: Strandvik oppvekstsenter

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.07.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30