Aktuelt frå kommunen

Barn som pårørande

Line C. Åsvang (t.v.), Hilde Henanger og Randi Haugse Rød som har arbeidd med Barn som pårørande-prosjektet. - Klikk for stort bileteLine C. Åsvang (t.v.), Hilde Henanger og Randi Haugse Rød som har arbeidd med Barn som pårørande-prosjektet.

Helse, familie og velferd har i desse dagar lagt siste hand på det omfattande arbeidet med eit tverrfagleg prosjekt som tek for seg barn som pårørande. Det er utvikla ein modell for korleis ymse tenesteområde kan ivareta sårbare og utsette barn på best mogleg måte.

Statleg støtta satsingsområde

Hausten 2015 fekk Fusa kommune kr 500 000 i tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til å utvikla modellar for identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk eller fysisk/somatisk sjuke, og barn av foreldre som misbrukar rusmidlar. Målet var betre samhandling og tiltak for barn som er pårørande, auka kompetanse om psykisk helse og rus hjå dei tilsette i kommunen, og korleis dei kan ta vare på desse barna.

Tverrfagleg prosjekt

Det vart sett i gang eit tverrfagleg prosjekt "Barn som pårørande" i fjor haust med dåverande PPT-psykolog Venla Snilstveit som prosjektleiar. Etter at ho slutta i Fusa kommune sommaren 2016, har ho vore leigd inn som konsulent for å vera med og avslutta arbeidet. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom barnevern, psykisk helse, helsestasjon og PPT.

Arbeidet har resultert i ein samhandlingsmodell for alle som har med barn og ungdom å gjera som er pårørande til anten psykisk eller fysisk/somatisk sjuke, eller barn av foreldre/føresette som misbrukar rusmidlar. Modellen omfattar systematisk og kunnskapsbasert arbeid for å kartleggja og identifisera desse barna, og følgja dei opp - frå graviditet og så lenge det er behov for det. Kompetanseheving er òg ein viktig del av modellen.

Klare til innsats

Prosjektmedarbeidarane Randi Haugse Rød (helsesøster), Line C. Åsvang (barnevernsleiar) og Hilde Henanger (vernepleiar med vidareutdanning i rus og psykisk helse) har i desse dagar avslutta første runde av opplæringa av dei andre tenesteområda som er involverte i arbeid med barn og unge. No går arbeidet over frå prosjektfasen til å verta ein del av det daglege arbeidet knytt til tidleg innsats til sårbare og utsette barn og unge. 

Fusamodell

Modellen som er utvikla i Fusa, skal vera ein forpliktande tilnærmingsmåte for alle tilsette i Fusa kommune i møte med barn, unge og foreldre/føresette. Målet er at dette arbeidet skal medverka til å gje desse sårbare og utsette barna ein trygg oppvekst. I tillegg håper ein at det skal bidra til at barn og foreldre/føresette får ei positiv oppleving i møte med kommunen.

"Dette er eit særdeles viktig førebyggjande arbeid," understrekar helsesøster Randi Haugse Rød. Det er laga rutinar og informasjonsbrosjyrar. Barnevern, helsestasjon og psykisk helseteam har starta rettleiingsgrupper for foreldre som følgje av dette prosjektet. Det er òg tilbod om familiekoordinator (PDF, 54 kB). "Når familiar opplever å ha det vanskeleg, kan det vera godt å ha ein person å venda seg til som kan koordinera tiltaka rundt familien," seier Haugse Rød. 

Modellen inneheld òg tips til familie, vener, naboar og trenarar innan barneidrett til korleis dei kan vera med på å gjera kvardagen betre for desse barna.

Tverrfagleg team (PDF, 60 kB) har det vidare ansvaret for Barn som pårørande-prosjektet og kompetanseheving ute i tenestene. Teamet er leia av kommunepsykologen, og er ein støttefunksjon for tenester og foreldre som treng hjelp.

Heile modellen er å finna på heimesida under overskrifta Barn som pårørande.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30