Spikka båtar
SFO-barna hadde eit heilt barkebåtprosjekt gåande denne veka. Først var dei i skogen og henta bark og never til å laga barkebåtar av. Etter at barken tørka, bar det til sløyden for å spikka båtar til den store konkurransen som skulle vera i ein bekk i Osmarka, fortel SFO-leiaren.
Onsdag var dagen for tur over fjorden og barkebåtkonkurranse. "Etter å ha tatt bussen til Os, bar det innover i Osmarka. På rasteplassen ved Knutabruo laga vi bål og barna førebudde seg til konkurransen. Den raskaste båten kom i mål utan segl, i full fart nedover bekken og blei godkjend som vinnar," fortel Linda Ann Lohne.
Sommardag i Vinnesholmen
Torsdag fekk barna endeleg oppleva ein sårt etterlengta sommardag. Ferie-SFO-gjengen nytta heile dagen på Vinnesholmen med krabbefiske, bading og natursti.