Aktuelt frå kommunen

Avtale om utviklingsarbeid i skulen

Frå venstre skulefagleg rådgjevar i Fusa, Janne Marta Eik, rektor ved Nore Fusa skule Hege Steinsland-Hauge, noverande rektor ved Søre Fusa skule og påtroppande rektor ved Fusa skule; Britt-Mari Gjerde, rektor ved Eikelandsosen skule Kjersti Søvik og høgskulelektor frå Høgskulen på  Vestlandet, avdeling Stord, Anne Christine Aandahl.  - Klikk for stort bilete

Fusa kommune har inngått eit langsiktig partnarskap med Høgskulen på Vestlandet (HVL), minimum over tre år. Fagmiljøa på dei fire kommunale barneskulane  og HVL kjem til å samarbeide tett i utforskinga  og innføringa av dei nye fagplanane i åra som kjem. Fylkesmannen i Hordaland har tildelt samla 1,5 millionar kroner til dei to partane for dei første tre åra. Dette er midlar som berre kan nyttast til kompetanseheving for fagmiljøet ved skulane.  

 Fornying av innhaldet i skulen i Noreg og i Fusa! 

 
Tysdag 26. juni la Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner fram signala om den nasjonale fornyinga av norsk skule, det er vedteke ny overordna del av læreplanverket for grunnskulen og det kjem nye fagplanar i alle fag som skal setjast i verk hausten 2020.  Kjerneelementa i dei nye fagplanane vart lagt fram med signal om meir vekt på praktisk tilnærming i mat og helse, kunst og handverk, musikk og kroppsøving.  Det er vedteke tre nye tverrfaglege emne: folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og bærekraftig utvikling i dei nye læreplanane. 
 

I lag inn i framtida

Rektorane ved dei kommunale barneskulane i Fusa tok hausten 2017 initiativ til utviklingsarbeid kring vurdering for læring og fornying av skulen gjennom Midthordland kompetanseregion som igjen har samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland. Fusa kommune sitt arbeid vart prioritert som ein av to satsingar i Midthordland. 

Fagmiljøa på dei fire barneskulane  og HVL kjem til å samarbeide tett i utforskinga  og innføringa av dei nye fagplanane i åra som kjem. Det er inngått langsiktig partnarskap, minimum over tre år. Fylkesmannen i Hordaland har tildelt samla 1,5 millionar kroner til dei to partane for dei første tre åra. Dette er midlar som berre kan nyttast til kompetanseheving for fagmiljøet ved skulane.  

På den eine sida er meir og betre læring for elevane i Fusa målet for det langsiktige samarbeidet. På den andre sida i partnarskapen får høgskulelektorar og lærarstudentar tilgang til ekte elevar der dei kan få erfaring med opplæring gjennom praksisperiode i grunnutdanninga og der høgskuletilsette kan bruke Fusa kommune sine skular som forskingsfelt. 
 

Eleven skal vite kvar dei er og kvar dei skal undervegs i skuleløpet

«Vurdering for å fremje læring», er overskrifta som fungerer som ein paraply for samarbeidet. Lærarane i grunnskulane blir oppdaterte på forsking og ny teori og kan utvikle sin praksis og handlingsteori til elevane sitt beste. Innhaldet blir på korleis vurdering av elevane sitt arbeid verker på den vidare læringa i dei ulike faga. Det at eleven veit kvar han er og kvar han skal, gjev effekt på læringa i seg sjølv.
 
I dei komande fagplanane er det gjeve signal  om at fagspesifikk vurdering for første gong kan bli integrert i sjølve fagplanen som ein tredel etter formål og kompetansemål i faget. Spørsmålet kring forventningspress og psykisk helse i samanheng med læringsprosessar, vert også ein del av det faglege innhaldet for etterutdanninga. Dette heng sterkt saman med det nye tverrfaglege emnet folkehelse og livsmeistring. 
 

Lærarar lærer i lag

Arbeidsmåtane i etterutdanninga blir allsidige. Mellom anna skal lærarteam arbeidde i lag om planlegging, gjennomføring og fagleg vurdering av undervisningsøkter etter ein effektiv metode som i fagspråket nemnast som «Lesson Study». Det kan vere krevjande å samarbeide så tett med kollegaer og rettleiarar frå høgskulemiljø, men dette er velprøvd utviklingsmetode som mellom anna Fusa ungdomsskule har nytta mykje i den nasjonale ungdomsskulesatsinga der dei hadde fokus på å «gjere kvarandre gode» i opplæring og vurdering. 
 
Det at lærarar utviklar nære relasjonar til kvarandre, til rettleiarar og til elevgrupper, der alle lærarar har medansvar for og brukar sine erfaringar og teoretisk kunnskap fortløpande i  praktiske situasjonar, vil kunne føre til at erfaringar blir transformert til ny kompetanse hos einskildlæraren og i det profesjonelle fellesskapet. Vi lærer ved å gjere  - i lag. 
 
Det vil også bli nettverksarbeid mellom lærarar på ulike skular og samlingar med fagleg input. Høgskulen kjem til Fusa ved mange ulike høve i løpet av dette partnarskapet.  
 
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.07.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30