Aktuelt frå kommunen

Avtale om barnevernvakt

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

Barneverntenesta i Fusa kommune har fått avtale med Barnevernvakta i Bergen om barnevernvakt kveld, helg og heilagdagar frå og med 1. april 2016.

Du kan nå barneverntenesta i Fusa alle vekedagar mellom kl 08.00 og 15.30. Barneverntenesta held til i andre høgda på Fjord'n senter. Du kan nå tenesta på telefon via kommunen sitt sentralbord: 56 58 01 00. Sjå nettstaden til Barneventenesta for direkte telefonnummer til sakshandsamarane.

Barnevernvakt

Kveld, helg og heilagdagar kan du frå og med 1. april i år ringja Barnevernvakta i Bergen på telefon 55 36 11 80.

Du kan elles ringja gratis til den landsdekkjande Alarmtelefonen for Barn og Unge utanom kontortid på telefon 116 111.  

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30