Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Olav Aarvik
Stopp! Ikkje mobb! Dette her er kameraten min, song elevane på avslutningsfesten fotograf Olav Aarvik

Avslutningsfest for Eikelandsosen skule

Eikelandsosen skule hadde avslutningsfest torsdag 14.6 i gymsalen på ungdomsskulen. Dette var siste avslutningsfesten før skulen vert del av nye Eikelandsosen oppvekstsenter til hausten. Temaet for programmet var "Stopp! Ikkje mobb!" Elevane framførte mange ulike song- og musikkinnslag, og avslutta med songen ”Stopp! Ikkje mobb! Dette her er kameraten min!”

1. klasse var først ute med ein velkomstsong. Eit par av gutane i klassen akkompagnerte resten av klassen på ukulele, og dei song m.a. ”Yellow submarine”.

2. klasse hadde øvd inn eit par ”Røris-songar”. 3. kl markerte at Torbjørn Egner ville fylt 100 år og hadde øvd inn eit pourtpori med hans songar.

4. klasse, hadde øvd inn ”Stopp that noise”, eit slgs talekor.

5.-7. klasse hadde øvd inn fleire songar, mellom anna ”Barn av regnbuen” og ”We will rock you”. Programmet vart avslutta med at heile skulen song ”Stopp! Ikkje mobb!”


Stopp! Ikkje mobb!

Innslaga var framført med stort engasjement og det var tydeleg at elevane hadde lagt ned mykje arbeid i øving, melder rektor Olav Aarvik og skryter av ein fantastisk flott innsats og spennande innslag!

Då elevane song ”Stopp! Ikkje mobb!” var dette ei flott og sterk oppleving. Klarer elevane å følgja opp dette i kvardagen, blir det sant at ”her er det mobbefritt” som det heiter seinare i songen.


Kunstutstilling og mat

I gymsalen var det og kunstutstilling med figurar som 5.-7. klasse hadde laga i kunst og handverk.

Etter programmet var det tid til mat og prat. Foreldra hadde tatt med litt mat kvar, og denne fekk raskt bein å gå på.

Publisert av Anne Helen Helland. Sist endra 18.06.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30