Aktuelt frå kommunen

Avslutning med vitnemål, roser og bøker

F.v. Ordførar Hans S. Vindenes, 10. klassing Idun Øvredal i bunad og avtroppande rektor Ragnar Hauge med ei rose. Idun held bygdeboka "Heilt andre tider" band 2, som avgangselevane fekk i gåve frå Fusa kommune. - Klikk for stort bileteF.v. Ordførar Hans S. Vindenes, 10. klassing Idun Øvredal i bunad og avtroppande rektor Ragnar Hauge med ei rose. Idun held bygdeboka "Heilt andre tider" band 2, som avgangselevane fekk i gåve frå Fusa kommune. Anne-Lise Aaseng

Eit nytt kull med 10.-klassingar er ferdige med grunnskulegangen i Fusa. På den høgtidelege avslutningsfesten stilte ordførar Hans S. Vindenes med bokgåver til ungdommane. 

Talar, rømmegraut og vitnemål

Staskledde ungdommar i bunad og dress var heidersgjestene på avslutningsfesten, saman med foreldre og føresette. Det var talar både av elevar og tilsette, rømmegraut, underhaldning, song og musikk. Kontaktlærarane delte ut vitnemål og avtroppande rektor Ragnar Hauge saman med inspektør Arild Matland delte ut roser.

Bokgåve

I år fekk avgangselevane ei ekstra overrasking, då ordførar Hans S. Vindenes troppa opp på avslutningsfesten. Han hadde med seg bokgåver til ungdommane frå Fusa kommune - som ei forlenging av "Fusanisto", det lokalhistoriske undervisningsopplegget som alle grunnskuleelevane i Fusa er med på i løpet av skuletida si. Det vart utvikla i samband med bygdebokarbeidet. Målet er at elevane skal verta kjende med heimkommunen sin og historia, og slik få med seg ei "kulturhistorisk fusaniste" på vegen vidare i livet.

Ordføraren overrekte band 2 av bygdebøkene "Heilt andre tider. Fusa 1900-2000". Sidan det i år er 75 år sidan utbrotet av 2. verdskrig og 70 år sidan freden, delta ordføraren også ut krigsminneboka "Verda inn over dørstokken. Krigsminne frå Fusa". 

Fusa kommune ønskjer avgangselevane lukke til med vidare skulegang og seinare yrkesliv!

Gruppebilete. | Fotograf: Vidar Øvredal Rektor Ragnar Hauge ved mikrofonen på scena i Eikelandsfjorden samfunnshus. Foto. | Fotograf: Vidar Øvredal Sylvia Øygard og Elena Dale Midtun syng til gitarakkompagnement av Vegard Fosså på scena i Eikelandsfjorden samfunnshus. Foto. | Fotograf: Vidar Øvredal Jonas Ragnhildstveit og Karoline Sundfjord held tale på scena i Eikelandsfjorden samfunnshus. Foto. | Fotograf: Vidar Øvredal F.v. ordførar Hans S. Vindenes, elev Idun Øvredal med bokgåve, rektor Ragnar Hauge med rose. Foto. | Fotograf: Anne-Lise Aaseng Tilsette og elevar på scena i Eikelandsfjorden samfunnshus. Foto. | Fotograf: Vidar Øvredal Ordførar Hans S. Vindenes deler ut bokgåver til 10. klassingane, medan rektor Ragnar Hauge og inspektør Arild Matland ventar med roser. Foto. | Fotograf: Vidar Øvredal Kontaktlærarane deler ut vitnemål til 10. klassingane, ordførar Hans S. Vindenes deler ut bokgåver, medan rektor Ragnar Hauge og inspektør Arild Matland deler ut roser. Foto. | Fotograf: Vidar Øvredal
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30