Aktuelt frå kommunen

Avslutning for 10. klasse

10. klassingane i Fusa på avslutningsfesten 16. juni 2016. - Klikk for stort bilete Heidi C. Bergesen

Eit nytt kull med 10.-klassingar er ferdige med grunnskulegangen i Fusa - 77 elevar fordelt på tre klassar. 16. juni hadde dei avslutningsfest med talar, underhaldning, vitnemål og bokgåver.

Staskledde ungdommar var heidersgjestene på den høgtidlege og flotte avslutningsfesten, saman med foreldre og føresette. Det var talar både av elevar og tilsette, rømmegraut og kaker, underhaldning, song og musikk.

Kontaktlærarane delte ut vitnemål og rektor Maylin Torgilstveit delte ut roser saman med inspektør Arild Matland. I tillegg vanka det bokgåver frå Fusa kommune med helsing frå ordføraren. Einingsleiar for Undervisning Anne-Merete M. Hellebø stod for overrekkinga av gåva - ei bygdebok til kvar elev. 

Fusa kommune ønskjer avgangselevane lukke til vidare! 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30