Aktuelt frå kommunen

Austestadkonsert i Torsdagsakademiet

Hans Martin Austestad - Klikk for stort bilete 6. oktober kl 19 kjem Hans Martin Austestad til Fusa folkebibliotek for å halda konsert i Torsdagsakademiet. Han har med seg både gamle og nye låtar.

Blink på første soloforsøk

Hans Martin Austestad er kjend som multiinstrumentalist, låtskrivar og produsent. Då han gav ut det første soloalbumet «Med Rentersrente» i 2015, gav Dagbladet han terningkast fem og overskrifta «Takk for at du synger på norsk, Austestad. Hans Martin Austestad treffer blink på første soloforsøk.»

Dei fleste nok har høyrt Austestad på NRK radio, der han har hatt fleire suksesslåtar sidan solodebuten. Austestad er innom fleire sjangrar, og omtalar musikken sin som urban dialekt-pop.

"Bastardnorsk"

Tekstane står i sentrum for hans musikalske univers, og dei er på hans eigen "bastardnorskdialekt" - ein blandingsdialekt som er eit resultat av at han har budd både i Hong Kong, Fusa, Sandefjord, Hamar og Oslo.

Austestad har spela i Fusa fleire gonger - både som bandleiar, banjospelar og songar i bluegrassgruppa Earlybird Stringband og som soloartist.

Musikalsk kalas

Musikken hans er influert både av melodiøse pop- og rockgigantar frå 1960- og 1970-talet og av folk- og folkemusikk. Han skiftar uanstrengt mellom ulike musikalske sjangrar og byr opp til musikalsk kalas.

Velkommen til Torsdagsakademiet 6. oktober klokka 19!

Inngangspengar: kr 100.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30