Aktuelt frå kommunen

Austestad i Torsdagsakademiet

For folk flest - Klikk for stort bilete

Torsdag 31. august kl 19 gjestar Hans Martin Austestad Torsdagsakademiet i Fusa. Arrangementet er i folkebiblioteket sine lokale i Kommunetunet, Eikelandsosen. Her vil Austestad presentera materiale frå plata «For folk flest» som kom ut i mars 2017 med tilhøyrande bok. 

«For folk flest» inneheld både prosatekstar og bilete. Verket, med tekster, bilete og låtar, tar opp framandfrykt, fordommar og intoleranse i dagens samfunn. I tillegg har Hans Martin invitert eit par skribentar til å skriva tekstar til boka. 
 

Samarbeid 

Blant desse finn vi Sana Aoun, fribyforfattar som er busett i Tromsø. Ho skriv om å formatera mobiltelefon når dei fleste namna i kontaktlista er borte. Linda Kjosaas bidreg også med å dela sterke inntrykk frå si tid som hjelpearbeider i Dadaab, grenselandet mellom Somalia og Kenya. 


Kulturmøte

Austestad meiner at «For folk flest» er eit populistisk slagord, så han prøver å koma med kvardagsforteljingar om møte mellom menneske og ulike kulturar. Difor kom plata «For folk flest» med ei bok i stort format, med prosatekster og bilete i tillegg til songtekstene. Her skriv han blant anna om flyktningkrisa med utgangspunkt i Hongkong, der han sjølv blei født som misjonærbarn. Han vaks opp i Eikelandsosen og Sandefjord, og har sjølv erfaring med å koma til ein ny plass. 
 

Denne siste plata blir fokus for konserten på biblioteket, og vi ønskjer alle fusingar velkomne, uansett opphav og bakgrunn. Arrangementet byrjar kl 19.00. Inngang kr 100,- med enkel servering.

Aktiv haust

Dei neste Torsdagsakademia vert 28. september med Lisbeth Dreyer - om fotografen Knud Knudsen og 19. oktober med forfattar Fartein Horgar. I tillegg er det på biblioteket Lesefest for born laurdag 2. september og barneteater med Adele Duus onsdag 8. november. 

 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.08.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30