Aktuelt frå kommunen

Atle Kvåle ny ordførar i Fusa

Hans Vindenes (t.v.) gjev ordførarklubba vidare til Atle Kvåle. - Klikk for stort bilete

 Fusa kommune hadde sitt konstituerande møte torsdag 22. oktober og valde Atle Kvåle frå Arbeidarpartiet til ny ordførar. Magne Djuvik frå Framstegpartiet vart ny varaordførar.

Rådmann og avtroppande ordførar med avskilsblom i Kommunetunet. Foto. - Klikk for stort bilete

Vaktskifte i Fusapolitikken
Denne veka kom det formelle maktskiftet i Fusa-politikken. Hans Vindenes har rydda skrivebordet etter 12 år på ordførarkontoret. Onsdag var det avsluttande lunsj med medarbeidarane på Kommunetunet og torsdag var siste arbeidsdag.


Historisk ordførarval

Ny ordførar på talarstolen - Klikk for stort bilete

Torsdag 22. oktober var det  konstituerande møte på kvelden for det nye kommunetyret. Atle Kvåle gjekk då frå å vera varaordførar til å bli Fusa sin nye ordførar i komande periode. Det er første gong i nye Fusa kommune at Arbeidarpartiet har ordføraren. For Framstegpartiet var det også noko nytt å få taburetten som varaordførar, med Magne Djuvik i ein heilt ny posisjon.


Nytt formannskap
Det nye formannskapet vart vald denne kvelden med slik samansetjing:

Atle Kvåle, Ap
Anne-Grethe Gjerdevik, Ap
Hans Ekeberg, Ap
Magne Djuvik, Frp
Bjarte Samnøy, Krf
Svein Lang, Sp
Mikal Leigland, Sp
Margunn Samnøy, Sp
Aud-May Boge, H

Du kan sjå val av vararepresentantar og samarbeidande lister i eige vedlegg (PDF, 14 kB). Val av andre råd og utval skjer først i kommunestyret sitt møte 12. november.

Nytt kommunestyre i Fusa - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30