Aktuelt frå kommunen

Årsmelding for Fusa kommune 2018

Frå opninga av utstilling i Glasgato i Kommunetunet med 6. klassingane sine forslag til kommunevåpen for Bjørnafjorden i 2018. - Klikk for stort bileteFrå opninga av utstilling i Glasgato i Kommunetunet med 6. klassingane sine forslag til kommunevåpen for Bjørnafjorden i 2018. Erik Vangsnes

Årsmeldinga for 2018 (PDF, 14 MB) er klar. Her kan du lesa om drifta i året som gjekk og sjå foto av litt av det som skjedde i Fusa i fjor. Fusa kommune leverer eit svært godt resultat. Ureviderte rekneskapstal viser eit mindreforbruk på kr 23,9 mill. og ein resultatgrad på 6,23 %.

Årsmeldinga er rådmannen sin rapport til kommunestyret, og vert lagt fram saman med rekneskapen i neste politiske møterunde.

Det strålande resultatet for 2018 skriv seg m.a. frå ei stor utbetaling frå havbruksfondet på kr 20,4 mill. Rådmann Nils-Petter Borge er særdeles godt nøgd og rosar einingane for innsatsen. Han understrekar at 2018 har vore eit svært aktivt og travelt år for kommuneorganisasjonen. Det har vore stor aktivitet på mange frontar i Fusa med m.a. store byggeprosjekt og omfattande planarbeid. Samtidig har arbeidet med å byggja nye Bjørnafjorden kommune saman med Os teke mykje tid og energi.

Alt dette kan du lesa meir om i årsmeldinga. 

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30