Aktuelt frå kommunen

Årsmelding for Fusa kommune 2015

Internasjonal kafé i Kommunetunet - Klikk for stort bileteInternasjonal kafé i Kommunetunet Erik Vangsnes

Årsmeldinga (PDF, 11 MB) viser at Fusa kommune i 2015 leverte tenester for ca 326 mill kroner brutto. Stikkord for rådmannen si oppsummering av fjoråret er stor aktivitet - m.a. med busetjing av flyktningar, arealplan og kommunereform - kombinert med omfattande innsparingstiltak, auka brukarbehov og pressa driftsrammer. 

Stolt over dei tilsette

Rådmannen framhevar organisasjonen si evne til å ha kontinuerleg brukarfokus og utviklingsfokus og er stolt over måten tilsette, leiarar og tillitsvalde taklar utfordringane på. 

Fusa er ein relativt liten kommune, og vi er følgjeleg sårbare når det gjeld framdrift av saker ved sjukefråvær og vakanse i nøkkelstillingar, som vi har opplevd i 2015. Likevel har vi i stor grad nådd måla vi sette oss for 2015, skriv rådmannen.

Eitt av dei største måla var å få avslutta det omfattande arbeidet med den nye arealplanen for Fusa kommune 2015-2027. Arealplanen vart vedteken 15.10.2015.

Ei anna oppgåve som krev mykje av kommunane er arbeidet med kommunereforma. Prosessen i Fusa starta på nyåret 2015 m.a. med sonderingar med andre kommunar, utgreiingar og folkemøte. Kommunestyret må innan 01.07.2016 gjera vedtak når det gjeld evt. framtidig endra kommunestruktur, for å vera sikra reformstøtte f.o.m. 2020 og dei neste 15 åra.

Drifta i einingane

Drifta i einingane viser eit mindreforbruk i 2015 på ca kr 1,7 mill i høve til revidert budsjett. Hovudårsakene til dette positive resultatet er at pensjonskostnadane vart lågare enn budsjettert og at Fusa kommune har fått høgare inntekter enn budsjettert til flyktningarbeid. Det siste fordi kommunen busette fleire flyktningar i 2015 - 21 til saman - enn det som var rekna med i budsjettet. Ved utgangen av 2015 var det busett 25 flyktningar frå Syria og Kongo i Fusa.

Dei faktiske pensjonskostnadane vert kjende i februar etter at driftsåret er omme. For 2015 vart desse i sum ca kr 2,5 mill lågare enn budsjettert inkl. auka pensjonskostnadar Statens pensjonskasse (SPK).

Rådmannen understrekar at utan desse to plussinntektene, viser resultata for einingane at Fusa kommune på fleire tenesteområde har store utfordringar.

Rekneskapsresultat

Rekneskapen for 2015, der også finansresultat og avsetningar er teke med, viser eit mindreforbruk på ca kr 3 mill. Andre større avvik i rekneskapen i høve til revidert budsjett er:

  • ca kr 2,2 mill mindre skatteinntekter enn budsjettert.
  • ca kr 1,7 mill meir i rammetilskot enn budsjettert.
  • ca kr 2,3 mill mindre i inntektsført premieavvik enn budsjettert.
  • ca kr 3,8 mill i lågare kostnadar knytt til lønsoppgjeret medrekna arbeidsgjevaravgift og pensjonskostnadar. (71 % av bruttoutgiftene går til lønskostnadar).

Netto driftsresultat

Kommunesektoren sin organisasjon KS tilrår eit netto driftsresultat på 1,75 %. Grunnen til det er at 1,75 % netto driftsresultat for kommunen tilsvarer om lag eit nullresultat i ei privat verksemd. Fusa kommune fekk eit positivt netto driftsresultat på kr 2,4 mill i 2015. Året før hadde vi eit negativt netto driftsresultat på ca kr -5,5 mill. Det vil seia ei betring på kr 7,9 mill frå 2014 til 2015. Likevel er netto driftsresultatet vårt berre 0,7 %, altså ein prosent lågare enn det KS tilrår for at ikkje verdiane i kommunen skal verta forringa.

Alvorleg økonomisk situasjon

Økonomibarometeret Fusa 2016 - Klikk for stort bilete

 

Økonomibarometeret ovanfor viser utviklinga av Fusa kommune sin økonomiske situasjon frå 2007 og fram til i dag. Det er ein del av Kommunebarometeret, som vert utarbeidd av Kommunal Rapport. Tala syner plassering nasjonalt av dei 428 kommunane i landet, fargekodane gir signal om kor godt eller dårleg kommunen ligg an i sektoren, målt mot alle kommunar. 2016-plasseringa er basert på førebelse tal for korleis Kommune-Noreg dreiv i 2015. Ikkje alle kommunar har rapportert inn til KOSTRA enno, så plasseringa vår kan endra seg når dei endelege KOSTRA-tala kjem i juni.

Rådmannen peikar på at  Fusa kommune sin økonomiske situasjon er alvorleg. Kommunen har ikkje frie disponible fondsmidlar til å møta eventuelle uføresette hendingar. Pr. 31.12.2015 var det berre ca 200 000 tilgjengelege kroner på disposisjonsfondet til driftsføremål.

Rådmannen tilrår difor at det rekneskapsmessige mindreforbruket på i underkant av kr 3 mill vert avsett til disposisjonsfond driftsføremål.

Langsiktige endringsprosessar

Rådmannen understrekar at Fusa kommune uavhengig av utfallet av kommunereforma, må gjera kloke strategiske og langsiktige val, med tilhøyrande tiltak, for å skaffa seg handlingsrom.

"Vi må handtera det dilemmaet at dei kloke, langsiktige vala gjerne smertar mest i det kortsiktige perspektivet. Kommuneorganisasjonen og politisk system må hjelpa kvarandre og leggja til rette for gode endringsprosessar. Gjennom godt samspel kan vi få til det beste for fusasamfunnet og innbyggjarane," avsluttar rådmannen.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 31.03.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30