Aktuelt frå kommunen

Årsmelding for Fusa kommune 2014

Fusa kommune 50 år: Jubileumstur til grensepunktet mellom dei tre gamle kommunane. Ordførar Hans Vindenes avdukar kommunevåpenet. - Klikk for stort bileteFusa kommune 50 år: Jubileumstur til grensepunktet mellom dei tre gamle kommunane. Ordførar Hans Vindenes avdukar kommunevåpenet. Erik Vangsnes

Årsmeldinga (PDF, 7 MB) viser at Fusa kommune i 2014 leverte tenester for ca 302 mill kroner brutto. Organisasjonsendringar, konsulentgjennomgang av drifta, vakante stillingar, generasjonsskifte, pressa driftsrammer og kapasitet er stikkord frå rådmannen si oppsummering av 50-årsjubileumsåret for Fusa kommune.

Organisasjonsendringar

Talet på einingar/ansvarsområde kommuneorganisasjonen vart redusert frå 18 til 8 frå og med 1.1.2014 (sjå organisasjonskartet). Rådmannen framhevar organisasjonen si evne og vilje til å ha brukarfokus og utviklingsfokus i ei tid med organisasjonsendringar og i tillegg ein pressa driftssituasjon. Rådmannen er stolt over måten tilsette, leiarar og tillitsvalde har takla utfordringane på. 

I si innleiing understrekar rådmanenn at det i året som har gått har vore stort fokus på gjennomgang av drifta i heile organisasjonen med mål om å ta ned driftsutgiftene. Eksterne konsulentrapportar er utarbeidde og administrasjonen har brukt mykje tid og ressursar på tilbodsprossen/val av konsulentfirma og på å framskaffa grunnlagsmateriale til konsulentane, heiter det.  

Pressa kapasitet

Vakansar i stillingar og «generasjonsskifte» på fleire fagområde har hatt merkbar innverknad på arbeidssituasjonen i kommuneadministrasjonen. "Vi er ein relativt liten organisasjon, og vakanse i ei stilling kan ofte medføra at vi manglar fagkompetanse på eitt eller fleire område. Denne situasjonen har hatt ringverknader både internt i organisasjonen og når det gjeld kapasitet til å ta unna saker og større utgreiingar. Døme her er IKT-drift og -utvikling, økonomiområdet, planområdet og løpande byggesaker," kommenterer rådmannen. Ho beklagar òg at rekneskapen for 2014, og dermed også årsmeldinga, er vesentleg forseinka i høve til fastsette fristar.
 
Meirforbruk og negativt driftsresultat
 
Rekneskapen for 2014, der også finansresultat og avsetningar er teke med, viser eit meirforbruk på ca kr 1,4 mill. Netto driftsresultat er på -5,4 mill. kroner, det vil seia -1,8 %. Kommunesektoren sin organisasjon KS tilrår eit netto driftsresultat på 3 %.
 
"Det er alltid utfordrande med ein rekneskap som viser meirforbruk i høve til budsjettet," kommenterer rådmannen, og legg til at hovudårsaka til resultatet er lågare skatteinntekter enn budsjettert. Dette er det
rapportert om til kommunestyret i løpet av driftsåret, og det kjem såleis ikkje som ei overrasking.
 
Vidare heiter det at eit samla rekneskapsmessig meirforbruk på om lag kr 1,4 mill. isolert sett er eit lite avvik. "Det som likevel gjer situasjonen utfordrande for Fusa kommune, er at vi i realiteten ikkje har frie disponible midlar på disposisjonsfond driftsføremål til å dekkja inn meirforbruket," understrekar rådmannen. Pr. 31.12.2014 var det tilgjengeleg kr 1,187 mill. på disposisjonsfond driftsføremål. Av dette beløpet har kommunestyret disponert kr 0,98 mill. til saldering av budsjett 2015. 
 
Rådmannen tilrår at det rekneskapsmessige meirforbruket på kr 1 394 614 vert dekka i budsjettet for 2016, i samsvar med kommunelova sine krav i § 48, pkt. 4 om inndekking i det året rekneskapen vert avlagt og/eller året etter. 
 
Handlefridom før kommunesamanslåinga
 
Fusa må rekna med å verta del av ein større kommune i 2020. "Før vi kjem så langt må vi gjera dei kloke strategiske og langsiktige vala, med tilhøyrande tiltak for å skaffa oss handlingsrom no," understrekar rådmannen. "Vi må handtera det dilemmaet at dei kloke, langsiktige vala gjerne smertar mest i det kortsiktige perspektivet. Kommuneorganisasjonen og politisk system må hjelpa kvarandre og leggja til rette for gode
endringsprosessar. Gjennom godt samspel kan vi få til det beste for fusasamfunnet og innbyggjarane." 

 

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30