Aktuelt frå kommunen

Årsmelding for Fusa kommune 2012

ØH-seng med personale - Klikk for stort bileteØH-seng med personale FBBS Årsmeldinga (PDF, 8 MB) viser at Fusa kommune leverte tenester for ca 280 mill kroner brutto i 2012. Rådmannen melder om eit hendingsrikt år (PDF, 180 kB), og trekkjer særleg fram etableringa av Øyeblikkeleg hjelp-seng (ØH-seng) og utvidinga av det interkommunale landbrukskontoret som Fusa er vertskommune for. M.o.t. kommuneøkonomien lyser det fleire varsellampar.

Ressursfordelingskake 2012 - Klikk for stort bileteRessursfordelingskake 2012

 

Fordeling av kaka

Illustrasjonen syner fordelinga mellom tenesteområda (bruttotal). "Dei tre store" stikk av med nesten 3/4 av kaka: 39 % gjekk til pleie- og omsorgstenester, 24 % til grunnskuledrift og 11 % til barnehagar. 

Pluss og minus

 

Rekneskapen for 2012 viser eit "overskot" eller mindreforbruk på ca 2 mill kroner, medan netto driftsresultat viser eit underskot på ca 2,5 mill. Underskotet er på minus 0,9 % av brutto driftsinntekter. Kommunesektoren sin organisasjon KS tilrår eit netto driftsresultat på 3 %.

Drifta i einingane/ansvarsområda (PDF, 108 kB)går i pluss med 1,7 mill kroner. Dette utgjer eit positivt avvik på 0,8 %. Ni av einingane/ansvarsområda har brukt mindre enn budsjettert, medan dei andre ni har overforbruk. Den budsjettmessig nest største eininga, Heimetenester, er nærast balanse med eit meirforbruk på 0,3 %.

Varsellampar

Rådmannen understrekar at kommunen sin økonomiske handlefridom er svekka i løpet av 2012 og viser til følgjande lysande varsellampar:

  • Negativt netto driftsresultat
  • Negativt brutto driftsresultat
  • Disposisjonsfondet har minka drastisk frå 2009 til 2012: Målt i % av brutto driftsinntekter har Fusa svakare disposisjonsfond enn alle samanlikningsgruppene
  • Samla fondsmidlar i % av driftsinntektene er lågare enn ved siste botnnotering i 1999
  • Samla gjeld inkl. pensjonsplikter har auka
     

Fondsmidlar og handlefridom

Behaldninga av fondsmidlar seier noko om kommunen sin handlefridom. Jo større behaldninga er, desto mindre trong vert det for lånemidlar. Dei samla fondsmidlane til Fusa kommune er redusert drastisk sidan 2007. Storleiken på fondsmidlane er no nede i 6,7 % av driftsinntektene - det vil seia lågare enn i 1999, som var siste botnnotering.

Sidan bundne fond må nyttast til dei føremåla dei er tenkte, er handlefridomen først og fremst avhengig av disposisjonsfond. Disposisjonsfondet til driftsføremål vart redusert med kr 4,2 mill i 2012. Rådmannen rår til at det rekneskapsmessige mindreforbruket på ca 2 mill kroner vert avsett på disposisjonsfond driftsføremål.

Snarvegar:

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30